Kaldt og langt - men nydeleg tur (10.03.2013)
Ascents | Hallingnatten (1,314m) | 10.03.2013 |
---|
Starta frå rett etter Haglebu, Flatvollen? 8-10 kuldegrader, men lite trekk i lufta. Heilt blå himmel, men dessverre ganske trått føre, særleg sidan det kom litt nysnø i går, og vi var dei første som gjekk opp sporet - i alle fall heilt til vi kom inst ved Reinsvatnet og tok opp til venstre mot Hallingnatten. Kaldt i lufta og litt vind der oppe, men fantastisk terreng, storslått utsyn og supert toppunkt. Veldig flott å kunne gå på lette langrennsski i køyrde spor. For kaldt til å setje seg ned å raste, så vi åt litt ståande på veg heim. 28 km, 1450 høgdemeter, og ganske mange timar brukt - i alle fall 5-6. Vi så mykje spor etter reinsdyr og på lang avstand såg vi vel også dyra på ein rygg. Anne, Eirik og Tom var med.
User comments