Lite Østfold-raid (28.04.2012)
Ascents | Rambergåsen (140m) | 28.04.2012 |
---|---|---|
Taraldrudåsen (225m) | 28.04.2012 | |
Sørøst for Taraldrudåsen (223m) | 28.04.2012 |
Flott vêrmelding og sterkt behov for å bruke dagen til noko nyttig.Primærmålet var Jeløya og litt kultur der, men vi starta med Våler og Skiptvet. Rota bort mykje tid ved å køyre fram og tilbake i Svinndal, men fann til slutt rett veg med skilt mot Lunder, så til Tv eiteråsen. Sette bilen ved bommen og byrja å gå vegen oppover. Flott vêr, to glade damer og ivrig hund. Vi gjekk rett på Taraldrudåsen og det vaklevorne tårnet der. Frukt i sola, så vidare til Skiptvet. Hytta ved Trolltjern låg nydeleg til i vårsola, nesten freistande å bade! Fann utruleg nok toppunktet på åsen aust for Langetjønn på første forsøk. To steinar som vi supplerte med ein tredje. Møtte ein annan toppsankar mellom furuleggene. Einaste personen i skogen denne fine dagen. Etter vellukka tur køyrde vi til Jeløya og åt lunsj på Rød gard. Litt shopping i gartneriet før vi køyrde til Ramberg. Klokka var seks om kvelden, kvitveis overalt, fuglesong og Rambergåsen var verkeleg noko heilt anna enn sørsida av øya. Veit det er gjort steinalderfunn her, og det var lett å førestille seg faktisk. Titta ned på dei to fine gardsanlegga - utruleg flotte. Toppunktet var eit hogstfelt der eit tre hadde falle over den vesle varden. Marit og Uncas var med.
User comments