Bryllupsdag og første i Vesterålen (30.08.2013)
Bestigninger | Sætertinden (1094moh) | 30.08.2013 |
---|
Flytur til Evenes fredag morgon, plukka opp leigebil og køyrde til Evenskjer der vi gjekk på kafé og provianterte. Køyrde så over Tjeldsundbrua og parkerte ved idrettsbana ved Sandtorg. Nydeleg og ganske grei opptur. Skodda låg dessverre på ca 800-900 meter. Derifrå steinur swom var litt kronglute. Åt niste på toppen i tett skodde. Vakker sol då vi kom ned til ca 800 meter. Køyrde vidare til Møysalen nasjonalpark der vi hadde leigd hus. Anne, Eirik, Hallvard, Henriette og Tom var med.
Kommentarer