Dagen derpå - var heilt super og blei brukt i Finnemarka (18.05.2014)
Ascents | Sørøst for Bjørnkollen (632m) | 18.05.2014 |
---|
Flott helg, og etter nydeleg 17. mai i Oslo, valde vi sykkeltur i Finnemarka og kommunetoppen i Lier. Vi måtte ha med Marit som er barnefødd i Lier, men som mangla toppen. Køyrde til Kanada, og brukte syklane derifrå. Mange oppoverbakkar, men fine sand- og grusvegar. I skuggeparti låg snøen i flekkar, og då var det best å gå av syklane. Vi åt niste ved elva rett etter Vesle Nykkjua og før vi gjekk frå syklane eit lite stykke forbi dammen i Store Nykkjua. Følgde så den breie stigen oppover til den forsvann i terrenget, fann eit tråkk i den grankledde dalen opp til kollen i aust, der vi heldt oss nord for myrtjørna. Toppunktet var heilt nydeleg, med flott utsyn i alle retningar. I nordaust såg vi Norefjell i kvitt, og på bergqa der vi sat i kveldssol var det fine stutttvaksne furuer. Heimturen på sykkel var velsigna lett. Turen mælte vi til dryge 25 km inkludert strekket til fots, og vi brukte vel 4-5 timar inkludert to fine rastepausar. Marit og Tom var med.
User comments