Harøyburet i sol og vind (24.06.2014)
Ascents | Harøyburet (156m) | 24.06.2014 |
---|
Flott solskinsdag med litt vind blei brukt på øyane utafor Molde. Tok ferga over til Aukra, sette frå oss bilane ved Småge og drog med syklar vidare utover. Hamna først på Ona der vi var turistar ein time, så vidare til Finnøy der vi gjekk av og hadde 3,5 time til båten gjekk att. Den tida brukte vi på å sykle sørover over Finnøy og dinest heile Harøya ned til Myklebust. Åt utafor butikken før vi sykla tilbake og tok av opp til fotballbana i Urvedalen, der vi gjekk raskt opp til toppen. Sol, vind, flott rundskue, myrull og sommarblomar. Så sykla vi nordover att. Inspiserte den gamle riksgrensa mot Sverige (!), så kolliderte Anne og eg, og eg hamna i grøfta, men heldigvis gjekk det heilt fint, skeivt styre og skeivt bakhjul var resultatet. Fin pause på Finnøy havstuer før båten kom. Vi brukte 2,5 time fram og tilbake på sykkel inkludert tur opp til toppen og matpausen ved Myklebust. 24 km. Anne, Eirik og Tom var med.
User comments
Da er vi på samme ....
Written by Astrid 24.06.2014 22:21antall K-topper igjen! God sommer!Melding fra knutsverre!