Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (31)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (4)
- Trip by foot (74)
Favourite trips
Favourite peaks
Tre toppar på strak arm
- Date:
- 28.08.2011
Kari og eg tok Enebakk, Ski og Ås på ein hyggjeleg sundag i august. Vi skulkle ha vore i Rondane, men avlyste pga dårleg værmelding. Været i Frogn var overraskande bra. I Enebakk køyrde vi til Veng, og blei bedne om å parkere i vegkanten nede ved bekken. Det var sauesanking i området. Vi følgde så traktorvegen som stikk inn mot venstre nedafor låven, og følgde etterkvart dårleg traktorveg nesten heilt opp. Sjølve toppen var litt inngrodd, men det var fint ute på berget med utsyn mot vest. Andre toppen på denne sundagsturen var Tømmerås. Parkerte ved Krokhol, og gjekk stigen opp via Paddetjern. Veldig vått i terrenget. Gjekk difor nordover og meir veg heim. Dårleg værmelding, men veldig fint vær på toppen. Supre raste- og bålplassar. Noko vind - men ikkje kaldt. Dei to >>>
Herleg kveldstur til Vassdalsegga
- Date:
- 02.08.2011
Etter ein flott påskedag i april då vi av ulike grunnar ikkje kom lenger enn til det vesle vatnet ytst i Lisledalen, bestemte eg meg for å gå til Vassdalsegga i sommar. Og i går 2. august klaffa alt. Vi køyrde frå hytta ca. klokka 1100, og handla på Åmot. Var på Haukeliseter ca kl 1400. Tok nistepause med ein gong, og så gjekk vi frå tunnelopninga på raudmerkt stig til Kisteelvi. Der valde vi å halde rett fram opp lia nord for Kistenuten. Fin stig og lett gange opp til den første tjønni i Lisledalen. Planen var å setje opp teltet og gå opp til toppen dagen etter utan tung sekk. Men vi hadde brukt litt lite tid, og då vi møtte folk som sa at toppen berre var to timar unna, sette vi frå oss sekkane og tok turen som ein kveldstur. Vi brukte ikkje fullt to timar, og var heldige >>>