Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (31)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (4)
- Trip by foot (74)
Favourite trips
Favourite peaks
To toppar og ei stavkyrkje
- Date:
- 16.11.2013
Tog til Skoppum der vi blei møtt av kollega med bil. Køyrde først til Høyjord og inspiserte kyrkja, fin! Låg novembersol frå blå himmel og 12-14 varmegrader.Tok av ved Valmestad, ikkje bom i det som skulle vere ein bomveg, så vi køyrde heilt inn til kjerrevegen som fører opp mot toppen frå austsida. Grei opptur, siste delen småklatra vi litt i berg. Supert utsyn, låg sol på flotte furulegger på toppen. Vi såg nesten heile Vestfold og mot vest låg Skrim. Vi gjekk ned vestsida slik at vi fekk ein fin runde. Deretter vidare mot nord. Tok av ved Kopstadkrysset mot Horten, og køyrde over e18 mot vest. Tok av Kjerranvegen mot Kjerran. Parkerte i siste svingen før garden og følgde kjerreveg med kvite band opp mot toppen. Før det blei heilt tett skog var det eit stykke med bøkeskog >>>
Andre tur på lite Vestfold-raid
- Date:
- 16.11.2013
Etter Brånåfjell i Andebu, tok vi vegen vidare mot nord. Tok av ved Kopstadkrysset mot Horten, og køyrde over e18 mot vest. Tok av Kjerranvegen mot Kjerran. Parkerte i siste svingen før garden og følgde kjerreveg med kvite band opp mot toppen. Før det blei heilt tett skog var det eit stykke med bøkeskog der vi fekk fantastisk utsyn mot fullmånen. Skumring og etter kvart mørkt. Med gps gjekk vi fram og tilbake i tette kjerr på toppen, og dekte toppunktet ettertrykkejleg, men fann ikkje postkassa som skulle vere der - for mørkt rett og slett. Nede ved bilen fann vi ein blømande kvitveis i måneskinet. 16. november! Marit og Ingjerd var med.
Vått i terrenget - men fin dag
- Date:
- 10.11.2013
Først sette vi av Tom på Gardermoen, så køyrde vi til Nes kommune og tok av mot venstre mot Skogsbygda og Fallet. Følgde vegen heilt til gardstunet (Fallet?), betalt 30 kroner i bompengar og køyrde så eit godt stykke innover før vi parkerte langs vegen. Vi kunne ha køyrd lenger, heilt til der vegen byrjar å gå bratt oppover i hårnålssvingar. Men vi gjekk no litt lenger da. Opp hårnålssvingane og vidare innover til der køyrevegen heilt stoppa i ei sløyfe. Så stigen oppover til Steinsjøen og deretter blåmerkt og skiltmerkt stig heilt til topps. Utruleg entusiastisk og grundig merking! På toppen var vi klokka 1500 og fekk vakkert lågt solskin medan vi åt nista. Heilt klar himmel hadde vi i dag etter ausregn i går. Gjekk rakst nedatt - det tok oss ein time, men då var det >>>