Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (416)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Lang tur med flotte opplevingar
- Date:
- 18.07.2012
Køyrde tysdag ettermiddag frå Seljord, ferga over Fjonesund, litt proviantering i landhandelen på Fjone og sjekka dessutan ut dei ni fine gravhaugane der, så bomvegen inn til Hægefjell. Fullt av bilar og minst fire nasjonalitetar - som vel alle dreiv og klatra. Vi tok på tunge sekkar og sykla (etter tips frå Ole Petter) inn til Grimvatn, der vi slo opp telt og åt middag ved stranda. Klokka 2000 blei knotten for ille, og vi trekte inn i det ganske trange tomannsteltet - med hund! Sudoku redda det som var att av kvelden. etter frukost starta vi med heilt blå himmel og lett oppakning klokka 0915. I myrane mellom bekken frå Fallsli og svaberga høgare oppe gjekk vi på ein elg. Svaberga gjekk fint, og vi kom greitt opp i 900-1000 meter og følgde høgdedraget bort til dei to små bekkedalane >>>
Nesten ut av tåka!
- Date:
- 07.07.2012
I Selje for seljumannamessehelga. Mykje program, men rom for å få med seg kommunetoppen. Dagen før var fjorden og himmelen blank, men i dag hang skodda på ca 350 m. Pytt, pytt. Vi parkerte ved Berstad, følgde greitt godt merkt stig til høgre etter etter eit par hundre meter. Dukka inn i ull, og gjekk i tett skodde til topps. Brukte ca 1,5 time i roleg tempo. På toppen skein sola svakt gjennom disen, men ikkje nok til at vi såg noko. Ganske varmt, og ganske stille i le bak varden. Og så - som ei hildring - letta det opp i eit par tre korte glimt, og vi så fjelltopper med snø i solskin stikke opp over det kvite skoddehavet. Sterkt! Vi sat i ein time og venta på ny klaring, men måtte gje opp. Brukte ein time ned.
Nr 50
- Date:
- 30.06.2012
Topp nr 50 blei Aremark. Passa fint, for dette er hjartekommunen til mannen etter mange fine besøk hos besteforeldre. Frå Oslo køyrde vi til Ørje, så sørover. Tok av mot Bjørkebekk, parkerte ved Remme, der det gåtefullt stod parkering forbudt. Men, men, bilen stod der greitt når vi kom tilbake. Vi sykla sørover med hunden springende laus ved sida. La syklane frå oss ved ruinane etter Søre Stangebråten. utruleg fine gamle eiketre langs vegen der. Gjekk rett opp lia, og fann høgaste punktet med GPS. Ikkje akkurat der den største varden var. Såg hoggorm i ein kveil på eitt av dei flate berga. Møtte to syklister. Heldt fram mot Halden og sjukebesøk der. Tom og Uncas var med.
Sykkel og føtter til Eldåhøgda
- Date:
- 28.06.2012
Starta på Nordseter med fire personar, to syklar og to bilar og ein hund. Sette frå oss ein bil i Lillehammer og køyrde nordover. O-løparen Eirik i baksetet orienterte osstil Vesleseter frå Tretten, men terrenget stemte ikkje med kartet, det mangla 100 meter veg! Så ned til E6 att og den rette avkøyringa til Tomsbu?? Eirik og eg sykla 3,5 km til Storevarden pga defekte føtter og knær før vi byrja å gå. Rast i sola bak den eine av fleire mura leveggar. Veldig ivrige murentusiastar har sett sitt preg på toppen. Flott kveldssol og ganske flatt vidde-aktig terreng. Ny sykkeletappe ned att. Eg greidde meg heilt til siste kneika, då for eg over styret. Blått kne. Frå bilen såg vi hare og elgkalv på vegen ned. Tom, Anne, Eirik og Uncas var med.
Kultur- og naturreise Levanger og Frosta
- Date:
- 24.06.2012
Køyrde eigentleg flyttelass mellom Oslo og Mo i Rana, men tok nedturen over to dagar og overnatta i Levanger. Starta med pen køyretur opp til Skallhytta, så kvikk tur opp til Hårskallen med flott utsyn over "heile" Trøndelag. Støpt varde i sement var litt kipt, men stigen var jo reine autostradaen. Deretter avstikkar til ruinen ved Munkeby. Så Frosta og Storheia. Nydeleg eng ved Fjellplassen. Supert rundskue oppe ved vardane. Gjekk eit torever over Fosen, men eg hadde flott vêr. Så tingstaden ved Logtun og mellomalderkyrkja. Dinest klosterruinen på Tautra. Og så var det 65 mil heim. Over 2000 km køyrd, men hovudinntrykket er at Noreg er underskjønt, og at Nordland i supert vêr vanskeleg kan matchast. Hadde ikkje tid til langtur der oppe, men Innherred fekk eg og mykje >>>
Draumedag på draumetopp
- Date:
- 02.06.2012
Litt på impuls køyrde eg frå hytta til Skafsåheii laurda kl 1200. Nesten to timar, men Telemark var på sitt vakraste, så det var heilt greitt. Køyrde forbi Hallbjønnsekken, og parkerte på ein p-plass til venstre ved elva før eg kom til det lange smale vatnet. Har gløymt namnet. Møtte to som slepte ut sauene sine på beite for sommaren. Hyggjeleg folk, og dei instruerte meg greitt: følg vegen/stigen opp til kraftlinja, så stigen til den vesle trappa der det ligg ei hytte til venstre, til høgre viser eit lite skilt til Kuskardet. Hald til høgre for fossen oppover og gå inn dalen og ta fatt på klatringa opp til venstre FØR du kjem til det litt større vatnet. Det ligg eit lite vatn meg ein gong ein kjem opp skardet, men ein held opp til venstre ETTER det. Ganske mykje snø på >>>
Ski ein dag og sommar den neste
- Date:
- 28.05.2012
Etter fantastisk skitur! på Haukeliseter i går, var det heilt flott å rusle i varm ettermiddagssol til Knarren i dag. Køyrde langt og lengre enn langt i hust, og greidde ein bomtur etter å ha gløymd kart og utan nettkontakt. Då fann eg rett bomveg til Furuvatn ved Tremyr, men køyrde vegen til endes og rota rundt ei god stund før eg gav opp. Men i dag gjekk alt som det skulle. Køyrde ca 3,5 km og fann traktorvegen mot venstre. Følgde den til den tok bratt ned mot høgre, då skar eg opp til venstre og heldt rett mot toppen. Sporet av stig innimellom og til og med eit par nedslitne raude malingsfellker hist og her. Toppen var kjempefin og i dag såg ein fritt og langt til alle kantar. På veg opp såg eg ein stor rovfugl ta av frå toppen, men dessverre viste han seg ikkje medan eg >>>
I golfland
- Date:
- 20.05.2012
Ikkje så mykje tid denne helga, så vi leita etter ein ettermiddagstur for laurdag ettermiddag. Valet fell på Lørenskogs høgaste, bonusen var å få sjå korleis det er på Losby. Kor grei køyretur, fann parkeringa ved skytebane, følgde raud og blåmerkt sig til vi var på høgd med toppen i følgje gps-en. Klatra opp ura, og skjønte at vi måtte ned att og opp neste åsrygg. Fin topp då vi kom opp, graskledd og open. Nistemat, og så gjekk vi nedatt på andre sida, mykje betre stig ned på austsida, men veldig våt i dag. Kom ned på golfbana, og gjekk vel litt ulovleg tvers over - men ingen golfarar blei uroa. Marit og Uncas var med.
To toppar i Røyken
- Date:
- 06.05.2012
Møtte Marit i Hyggen. Gjekk først vegen opp til Haugane. Ikkje det smartaste, men vi kom no inn på stien frå Dammen etter litt plunder opp lia. Så gjekk alt greitt heilt til vi kom til myra nedanom Villingstadåsen. Vi drog rett mot toppen og det var litt ulendt nokre stader, men greitt nok. Mat og kosepause på toppen. Det bles litt, så vi fann ei grop under berget istaden for å sitte på toppen. Flott utsyn mot Drammen, for ikkje å sankke om Ble bakom. Heilt kvitt, men blei nedstemt då eg ymta om at det var der vi skulle ha vore. I løpet av året SKAl eg til Ble.....Frå toppen gjekk vi rett sud, fann stigen mot Herstadheia, og fekk med oss den fine toppen òg. Denne gongen utsyn mot Oslofjorden.