Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Dalasjøhøgda frå nord

Dato:
09.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:31t
Distanse:
4,0km

Prøvde først å køyre opp til skytebanen frå Grua, men bomvegen var stengt pga teleløysing. Så difor køyrde vi vidare nordover til Munkerud og parkerte ved Bråtan. Gjekk oppover skogsvegen som var under arbeid med nye grøfter, mykje søyle og stein. Etter kvart blei det meir og meir snø på vegen, og det siste stykket opp til Østbyhytta gjekk vi i terrenget der det var barare. Vi fann toppunktet etter litt prøving og feiling. Det var nedsnødd, men nokre steinar av den vesle varden stakk opp. Busha ned til hytta att og vidare i terrenget til vi var forbi det verste snøpartiet. Såg ein svart orm som viste seg å vere daud, ihelfrosen kanskje? 4 km, 223 hm, 1,5 time. Tom og Marit var med.

Kart    

Tjæregravshøgda og Elgkollen

Dato:
08.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:27t
Distanse:
9,7km

Gjekk frå p-plassen ved Burud. Aldri vore her før, og vi valde å gå vegen rett fram vest for Burudvann. Så gjekk vi litt for langt på vegarmen som tok av mot aust, så vi måtte bushe litt oppover til stigen sør for Elgkollen. Derifrå følgde vi stigen rett opp. Niste på utsiktspunktet, og så merkt stig tilbake på austsida av Burudvann. Møtte ein veldig spraglete hoggorm på veg ned frå Elgkollen. 9,68 km, 3 timar og 23 minutt, 432 hm. Oddrun var med.

Kart    

Heikampen mellom to sesongar

Dato:
07.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
12,8km

Fin tur der eg blei overraska av restane av vinteren på toppen, så den flotte maivåren lenger nede møtte den siste krampetrekninga til skisesongen oppe på Heikampen-platået. Eg gjekk opp ved å følgje stigen vest for toppen, og ned ved å følgje ryggen heilt ut, og så ta meg ned til hovudskiløypa aust for Heikampen. Sjølve toppunktet var triste greier, ein delvis snødekt minivarde i eit tett granholt. Men løypetraseen over myrane og småtjerna på toppen såg lekker ut. Må tilbake til vinteren. Utsiktspunktet på 558 var kjempeflott, og nista blei inntatt der. Herleg rastepunkt. 12,84 km, 3,5 time, 501 hm. Lengste tur etter operasjon for ei veke sidan. Gjekk aleine.

Kart    

Vardåsen i nydeleg vær

Dato:
06.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:15t
Distanse:
5,4km

Starta frå Gullhella jernbanestasjon. Fantastisk flott topp med skurte berg, furuer og vidt utsyn. 1,5 time med kvalitetstid på hovudtoppen, te og matpakke og godt selskap. Gjekk ned bakvegen. 3 timar og 14 inkludert lang pause. 305 hm. 5 timar og 36 minutt. Reidun var med.

Kart    

Holterkollen

Dato:
05.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
5,7km

Parkerte der Holterkollvegen startar. Jamn motbakke i fint vêr. Mange rart plasserte hytter, og nokre finare med utsikt. Toppunktet var opent og fint, men utan eigenleg utsikt. 5,7 km, 294 hm, 1 time og 15 min. Gjekk aleine.

Kart    

To gulmalte toppunkt

Dato:
04.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:48t
Distanse:
6,9km

Køyrde til Munkebekken idrettsbarnehage (!), og gjekk derifrå. Fann greit det første toppunktet markert med x og 358 moh på UT-kartet. Gulmalt felt på berget og bolt. Gjekk så vidare sørover på nydeleg stig som følgde høgdedraget. Lenger sør - og trur eg - noko høgare oppe - fekk eg auge på noko gamalt treverk, og då eg stakk bortom, fekk eg auge på gulmalt felt og bolt der også. Det er denne sørlegaste toppen som er den høgaste, og det er den som er markert på Oslomarka >100 pf-lista. Gjekk ned til den vesle tjønna nord for toppen, så austover og deretter parallell stig nordover tilbake til startpunktet. 6,86 km, 1 t og 49 min, 287 hm. Gjekk aleine. Åt niste på nordlegaste toppunkt.

Kart    

Røverkollen Oslomarka 100 m pf

Dato:
03.05.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,7km

Kort tid etter operasjon, passar med ein liten nærtur. Lenge sidan vi var ved Steinbruvann. Fint langs vatnet før vi skrådde opp mot toppen. Møtte utruleg nok kjende to gonger. Oppe i tårnet og såg på fin utsikt. Kvite snøfjell i vest, truleg Ble. 1,5 time, 5,68 km, 209 hm. Tom var med.

Kart    

Kjerringhøgda og Furuåsen, Oslomarka pf 100

Dato:
19.04.2020
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:14t
Distanse:
4,8km

Køyrde først til overfylt parkeringsplass i Enebakk og gjekk opp til Kjerringhøgda. Deilig dag. Frå tårnet såg vi tilbake på Norefjell der eg var i går. Tenkte ikkje på at rekkverka opp til tårnet kunne vere smittekjelder. Får verre krysse fingrane for at det gjekk bra. 4,75 km, 1 time og 16. 141 hm. Så softis ved Hjulet, parkerte ved Oppegård kyrkje, fin liten runde til Furuåsen. Imponert over Søndre Oppegård, vakker eldgammal gard i nydeleg kulturlandskap. 3,23 km, 55 minutt, 78 hm. Tom var med.

Kart    

Tryvannstårnet på årets første snø

Dato:
10.11.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:45t
Distanse:
3,7km

Frå Frognersetra på årets første snø, vrei meg gjennom gjerdet for å kome meg «til topps». Gjekk ned og åt middag på Frognersetra etterpå. 3,66 km, 111 hm, 46 minutt. Tom var med.

Kart    

Kjerrberget før konferanse

Dato:
29.10.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:16t
Distanse:
1,1km

Med tidleg fly frå Oslo rakk eg både konferansestart i Stavanger kl 1200 og to små kommunetoppar før det. Fantastisk vær, heilt klart, skyfritt og vindstille, men ganske kaldt. Tok taxi frå flyplassen til ganske nær Kjerrberget. Men drosjesjåføren rørte fælt, og det var eg som ved hjelp av GPS måtte få han på rett spor. Følgde ruta rett opp jordet og over straumgjerdet slik som aask. Brukte 21 minutt opp og ned frå der taxien slapp meg av. Gjekk då 1,1 km, og gjorde unna 75 hm. Første tur med ryggsekk, handveske og PC-veske!

Kart