Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (416)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Siste i Hedmark, blindebukk i steinurda
- Dato:
- 21.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:42t
- Distanse:
- 10,7km
Eg pleier ikkje å gå desse litt større toppane i dårle værmelding, men gjorde eit unnatak i dag. På veg heim frå Trondheim, overnatta på Røros, hadde gått til Melhus-toppen dagen før, og det var berre Sålekinna i Os eg mangla, så eg kledde meg i regnbukse og Goretex, og starta å gå litt etter 1000 frå parkeringsplassen ved Øversjøen gard. Toppen låg i skodde, men riset mellom dei to toppane låg under skodda. Følgde stigen litt for langt oppover mot den høgre toppen og måtte krysse ei ur horisontalt for å kome bort til vardane som står på bandet mellom toppane. Skodda låg eit stykke oppover, så eg hadde litt grunnlag for å velje ei austre rute oppover, mest grass og ikkje så bratte hamrar. Hadde venta meg nokre varder å følgje, men fekk ikkje auge på nokon. Fann >>>
Endeleg Surtningssue - i draumever!
- Dato:
- 13.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 10:30t
- Distanse:
- 22,5km
Etter å ha følgd med på yr for utvalde helger over fleire år, bestemte vi oss for å prøve Surtningssue denne helga. Fullkomen vermelding, og slik blei det også. Køyrde frå Oslo kl 1200, rakk siste båten frå Gjendesheim kl 1730, og spiste middag på Memurubu fredag kveld. Vi starta å gå kl 0990, og valde å gå Raudhamrane opp, og Memurudalen ned. Perfekt vêr, vindstille, sol, men ikkje for varmt i motene. Men starten var litt brutal, 500 hm som Tom gjekk litt fortalte enn eg ville ha likt, og eg merkte at forma ikkje var heilt på topp. Då vi kom fram til løypekrysset ned til Memurudalen presterte eg å snuble på nesten flatmark og datt slik at eg øydela speilreflekskameraet som eg bar over skuldra. Knærne og handa blei skrubba opp, men ikkje så ille at det øydela noko >>>
Havsåsknuten som dessert
- Dato:
- 01.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:12t
- Distanse:
- 0,8km
Køyrde vidare etter Ørteknappnuten og parkerte ved garden Holtan der vi åt i bilen før vi starta å gå. Gjekk bratt opp til høgre for tunet og følgde så stig og atv-hjulspor innover myrer og gjennom skogholt og over småberg. Stoppa litt ved den fine hytta Eptevatn som låg ved Eptevatn. Flott vatn for kajakk - så langstrakt og med masse forgreiningar, sund og øyer! Opp myrdrag derifrå og heldt så opp på den lange ryggen som vel er Oksla. Der fann med greitt den vesle varden og rusten matboks på eit tre. Lysegrøn ny blåbærlyng og gamle krokfuruer i sol var fint! Følgde ryggen heilt ut tilbake og kom ned nærare Eptevatn med færre myrdrag å gå. Heim gjekk vi same vegen heilt til vi hadde ca 2 km igjen. Då valde vi ein venstre stig med betre standard og vesentleg tørrare. >>>
Første av tre blei Ørteknappnuten
- Dato:
- 01.06.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:54t
- Distanse:
- 3,6km
<gallery>
image:bakken59_20190601_5cf296154550e.jpeg
image:bakken59_20190601_5cf2963f3a91b.jpeg
</gallery>
Etter overnatting på Heddan gjestegard i Hægebostad, køyrde vi til Marnardal og inn Rolandsvegen til Bjønnjordstjønna. Der parkerte vi, og følgde stigen inn forbi hyttene og så vidare oppover heilt til topps. Godt merkt stig, fint toppunkt ned varde og utsikt. Til og med litt sol fekk vi, rein bonus erter å ha vakna på Heddan i silregn. Brukte 30 min opp, mindre besatt slik at totalen blei 55 minutt inkludert liten pause på toppen.174 hm. 3,65 km. Anne og Eirik var med.
Ørnemyrfjeddet i ettermiddagssol
- Dato:
- 31.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 5,6km
Etter Skoræ og etter veldig interessant og hyggjeleg stopp i Kyrkjebygda, først kaffi og kake og prat med bestyraren på kulturhuset Minne, deretter ein sving oppom Sosteli, den forlatte folkevandringsgarden, drog visørover til Øvre Flottorp, og gjekk til Ørnemyrfjeddet. Vi starta ved bekken og følgde traktorvegen bratt oppover til vi var under Solliheia, heldt fram nord for heia langs blåmerkt stig. Då vi såg Ørnemyrfjeddet rett fram, skar vi ned frå Solliheia (litt bratt), rett over myrene og så oppover mot tappen. Greitt å gå fordi myr og lyng enda var visne, men ganske seigt å gå i terrenget likevel. Då vi kom opp på svaberga, gjekk det derimot veldig greitt opp til toppen. Smal varde, fine berg, enkelt småfuruer, ettermiddagssol og fin utsikt. Nedover fann vi annan og >>>
Skoræ - sol, litt vind
- Dato:
- 31.05.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:17t
- Distanse:
- 9,3km
Overnatta for andre gang på eitt år på Evje Park Motell, veldig god valuta for pengene! Køyrde så til Kyrkjebygda i Åseral og så nordover langs Monn-vassdraget til Ljosland. Der opp gjennom hyttefeltet til parkeringsplass ved Faresvatnet. Heilt klart vær med blå himmel og grøne museøyre på bjørkene rundt vatnet, men ikkje utsprunge høgare opp. od merkt stig med masseviss av klopper og bruer. Dessutan skilting og tilrettelagde trasear for skiløyper. Vi møtte fleire folk på turen, deriblant fleire barnefamilier. På toppen møtte vi ein far med to småskulejenter som hadde lege i telt natta før. Måtte vel ha vore litt kaldt, tenkte vi, men neida, det hadde vore heilt tipp-topp. Vi brukte 1 time og 10 minutt opp. Rasta i 20 minutt etter å ha kledd litt ekstra på oss, så omtrent >>>
Kveldstur til Øyungskollen
- Dato:
- 30.04.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 6,3km
Fin kveldstur i vårver. Gjekk frå Skar så raskt vi kunne for å få opp pulsen. Tom jogga litt. Frå Øyungen gjekk vi litt bortover stranda før vi skar opp mot toppen. Vendte for raskt opp mot toppen, så vi bomma på stien som eigentleg er veldig fin. Vår rute innebar nesten litt klyving. Mange ungdomar telta og hadde strekt ut hengekøyer både nede ved vatnet og oppe på den superflotte Øyungskollen. Gjekk stigen sørover og ned på vegen igjen. 6,36 km, 1 time og 31 minutt. 288 hm. Tom var med. Fuglesong og kvitveis.