Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (31)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (4)
- Trip by foot (74)
Favourite trips
Favourite peaks
Sommarkveld i Oslomarka
- Date:
- 31.05.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 10.0km
For ein vakker kveld det har vore i dag! Sykla heim og laga niste, pakka sekk og heiv hunden og alt i bilen. Køyrde til Maridalen skole, der eg parkerte ved bommen på venstre hand før ein kjem til skolen. Starta kl 1700. Mange stigar å velje mellom mot Fagervann. Tok eit drag lengst mot vest, men mista den stigen etter kvart, så eg gjekk i terrenget til eg kom inn på ein kraftigere stig eit stykke lengre opp. Ganske dryg stigning opp til Fagervann i grunnen. Målte 3,6 km og trur det må vere ca 250-300 hm. Vel oppe bada eg ved hytta (som ein kjenning av vener eig), og så smakte det godt med niste og avis og te! Sat på brygga og koste meg kanskje ein time før eg gjekk vidare rundt vatnet, og byrja å leite etter Stutehaugen. Hadde ikkje med kart, og gjekk difor først feil, hadde >>>
Minneverdig kveld på Sotra
- Date:
- 10.05.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 10.0km
I Bergen på jobb, men ein heil blank ettermiddag og kveld ledig. Glad for at eg sende Knut ei melding på peakbook, for vips hadde eg middagsinvitasjon, sjåfør og skyss og turfølge på plass. Og vêret! Blikkstille og over 20 grader. Byrja med Førdesveten frå aust. Køyrde til Førdespollen og følgde skilt til høgre mot Førde. Derifrå var det godt merkt stig, og heller og steintrinn lagt ut slik at vi gjekk tørrskodde heilt opp. Møtte ein annan turgåar. Super utsikt og vakker kveldssol. Snøfjell i aust og havet som spegl mot vest. Var også bortom flyvraket, før vi gjekk ned i vårkvelden. 4,75 km, 1 t og 44 min, 285 hm. Køyrde så nordover til parkeringa ved Fjell festning. Gjekk asfaltveg i eit kvarter før bratt stig mot toppen. Her var det mykje folk, og fleire av dei dreiv >>>
Lang biltur for lite
- Date:
- 01.11.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 5.0km
Etter fest dagen før og altfor sein start, kom Marit og eg fram til bommen ved Furubekken kl 1430. Vi hadde køyrt om Flisa og kom nordfra ned Finnskogvegen og tok av der det stod Furuberget. Følgde aask si beskriving, men gjekk nedturen hans opp, og ned omtrent same vegen. Veldig grei liten tur, sjølve toppunktet stod markert med eit norsk flagg i ein einerbusk(kommunetopp nr 22/428 hadde eit par skrive på flaggstanga). Men grensevardepunktet og grensegata og utsynet var fabelaktig. Vi åt niste, skreiv oss inn i boka, og fekk nydeleg kveldshimmel med solnedgang på veg ned. Det var i grunne grått vêr heilt til sola vippa ned bak horisonten. Flott himmel, men duskmørkt i skogen då vi nådde bilen. Så Grue sin topp blei det ingenting av, for hovudlykter hadde vi ikkje med oss. Batteriet >>>
Busstur til Askøy
- Date:
- 20.06.2015
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 5.4km
Supernøgd med dette opplegget: skal på jobboppdrag her i Bergen i morgon tidleg, tok difor eit tidleg fly i dag, kopla meg på ei venninne som har budd her dei siste par åra, men som aldri hadde vore på Askøy. Tok buss nr 484 eller 485 til Steinrusten, men hadde greidd å engasjere fremre del av bussen med venlegsinna innfødde såpss, at sjåføren tok ein ekstra sving etter siste stopp for å setje oss av nett der stigen tok av sørover mot Kolbeinsvarden. Snakk om sørvis! Vi gjekk på t-merkt stig med treklopper over våte parti, og trapper i dei bratte partia opp til toppunktet. Stille og sol og utsyn i alle retningar. Supert! God besøkt topp dette, 20-30 hadde skrive seg inn i boka før oss i dag, og medan vi rasta kom det fire-fem til, to av dei joggande. Vi heldt fram sørover, >>>
To til i Hedmark
- Date:
- 14.06.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:19h
- Distance:
- 9.0km
Det byrjar å bli lange dagsturar frå Oslo no når eg er er ferdig med nabofylka. Men turen til Nord-Odal vr vel overkomeleg. Vi køyrde til Eidsvoll, så fordbi Gullveret til Sand i Nord-Odal, og så nordover mot Knappet, og vidare rett fram på grusveg der asfalten var slutt. Alle sidevegar hadde vegskilt, og vi tok av riktig heile vegen heilt fram til der vegen slutta ved Gjellbekksetra. Der måtte vi snu på snuplassen og køyr eit par hundre meter tilbake før vi byrja å gå godt merkt stig til Årkjølen. Fin veg, mange ganske våte myrar, stort sett sol og litt vind, og ikkje heilt sommar. Biltermometeret viste 14 varmegrader, og litt ladare blei det kansje oppover. Tårnet var flott med mykje eksplisitt skilting, på tårnet stor der til dømes eit skilt "Tårnet" og på >>>
Tre toppar og overnatting i Hedmark
- Date:
- 24.05.2015
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 24.5km
Pinseaftan var nydeleg i Oslo, men det var sundagen vi hadde sett av til topptur. Laurdag ettermiddag sjekka vi yr.no, og oppdaga at det var varsla regn frå ettermiddagen sundag. Og sidan eg hadde blitt utfordra til å sove ute i løpet av mai i ein stafett på jobben, heiv vi oss rundt, pakka sekkane og køyrde til Odals verk der vi var framme kl 2015. Vi vandra oppover vegen forbi Fløyta og opp til demningen i Valsjøen, der var det jo ein fin teltplass, men vi tenkte først at vi hadde gått litt kort, og gjekk vidare og til venstre bort til neste vatn. Rota litt der etter ein teltplass, men endte med å dra ned att til Valsjøen, der vi slo opp telt, åt varme nudlar og delte ei flaske raudvin. Kraup ut av teltet i morgonsol, åt frukost og la oss i veg oppover vegen ca kl 0815. Klart >>>
På veg til Halden
- Date:
- 14.12.2014
- Characteristic:
- Hike
På veg til Halden for bytting av gåver tok vi vegen om Askim. Køyrde rett til Skansehytta, parkerte litt ulovleg nedanfor. Gjekk først til tårnet etter merkt stig. Så til høgre og vidare på stigen. Pilarane etter eit eldre tårn ligg rett bortom, og så fann vi etter litt roting med ikkje heilt følsom GPS, markert toppunkt, ein trekantstein med spissen opp og eit par støttesteinar. Gå rett inn i skogen bak betongstabbane og ikkje lenger enn 50 meter. Vi hadde tenkt å halde fram til Trøgstad, men som vanleg kom vi for seint av garde, og sidan vertinne ventar, måtte vi skuve på denne. Manglar no berre Trøgstad og Eidsberg inToms heimefylke. Tom og Uncas var med.
Barfrosttur
- Date:
- 30.11.2014
- Characteristic:
- Hike
Køyrde til saga lang Mørkveien, nr 345-349. Så gjekk vi vegen opp til de store myra under åsen, rota oss dessverre litt utpå, skulle ha halde rett fram i høgre kant av myra og litt opp på tørt land mot åsen. Følgde stig til den nuten der hytta ligg oppå, vingjekk den bratte stigen mot venstre i staden for å gå opp på Kollen, så ned att og over bekken og deretter opp til det øydelagde tårnet. På veg ned att passerte ein travhest og sulky oss to gonger. Flott hest! Vi brukte ca 1,5 time. Marit, Tom og Uncas var med.
Tredje fylke komplett - Høgståsen blei siste i Vestfold
- Date:
- 16.11.2014
- Characteristic:
- Hike
Damehelg i Sandefjord blei avslutta med ein tur til det indre Vestfold på veg tilbake til Oslo. Ved hjelp av gps-en fann vi greitt Skatvet, det regna og yra og var knapt nok dagslys - november kan vere skikkeleg dyster, - men hadde likevel stor glede av dette terrenget. Er så glad i bøkeskog, og bøkeskog utan lauv, men med brun skogbotn er også flott. Eg hadde med to venninner som nok stiller seg litt uforståande til heile prosjektet, men dei likar å vere ute, så det fekk gå. Vi rota ein del med dårleg kartutskrift frå Norgeskart. Då vi skulle ta av vegen, fann vi raude band, men følgde dei mot høgre i første vegdele, det var dumt, det er berre å gå rett på. Så vi busha litt rundt på kryss og tvers, var innom den store myra, og fann så den gode stigen. På veg mot toppen >>>