Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (416)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (107)
- Fjellskitur (74)
- Langrennstur (19)
-
Sykkeltur (6)
- Blandet sykling (6)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Lovund i draumever
- Dato:
- 28.06.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:00t
- Distanse:
- 10,9km
Flott værmelding, så vi tok 10-båten frå Stokkvågen. Gratis når ein ikkje har med bil! Gjekk frå ferjekaia til Nøvbukta. Nydeleg stig og vakker sandstrand. Så ut langs høgre sida og inn i skogen. Det var ordentleg varmt, og vi skjønte fort at vi burde ha hatt med meir drikke. Nesten opp det seige skaret, bestemte dei to unge seg for å snu. For dårleg form, for varmt og for lite drikke med. Tom og eg klorte oss vidare. Sjølv om stigen blei betre og ein tanke mindre bratt då vi gjekk ut av skaret og over på den bratte lyngbakken, var dette strekket veldig seigt. Høge kneløft, og ingen kvileparti. Men viljen er jo det avgjerande, og då vi bikka kanten og såg den flotte grasbakken opp til varden, kvikna vi til. Lang rast, mat, resten av drikken, fotografering med hjelp av ein >>>
Ytre Skurvhatten
- Dato:
- 27.06.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:02t
- Distanse:
- 6,5km
Overnatta på Hovde gjestegård i Brekstad. Nydeleg frukost i hagen, og dagen teikna til å bli varm. Då vi parkerte ved Heitjønna p-plass, viste biltermometeret 28 grader, og det surra fluger, klegg og brems rundt bilen. Tok med drikke, og gjekk langs merkt stig oppover. Litt plagsamt med all åten, men heldigvis var det litt bris i høgda, og det var nydeleg på toppen og langs ryggen. Var oppe på litt over 50 minutt, drakk og tok bilete og beundra utsynet, og så gjekk vi ryggen tilbake. Ut-appen viste stig, men den var så som så. Brukte 2 timar og 5 minutt inkludert pause. Perfekt med bad i Heitjønna då vi kom ned. 6,5 km, 2 t og 5 min, 383 hm. Tom var med.
Rust
- Dato:
- 14.06.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:36t
- Distanse:
- 5,9km
Tom og eg gjekk raskt frå Dammen til Rust, nyvrekord for meg, 49 minutt. Brukte like lang tid ned, men vi gjekk den lengre ruta om Dritarkleiv, opp gjekk vi Kåbakkan. 5,95 km, 1 time og 40, 492 hm. Tom var med.
Furufjell
- Dato:
- 13.06.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:42t
- Distanse:
- 4,1km
Fin sommartur til Furufjell med Erling, Anniken og Tom. 4,5 km, 1 t 41 inkl pause. 349 hm.
På beina til Rust
- Dato:
- 31.05.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:32t
- Distanse:
- 5,2km
Gjekk på beina frå Øyvågsli for å unngå dei største snøpartia. Det gjekk fint, men traseen var tilnærma rett opp i dag. Dessverre var stigen opp frå Øyvågsli øydelagt av maskinell hogst. Litt å drikke på toppen. Litt vind i dag, så relativt raskt nedatt. 5,26 km, 481 hm, 2 t 38 minutt. Tom var med.
Furufjell
- Dato:
- 30.05.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:53t
- Distanse:
- 3,9km
Gjekk på beina med nokre snødekt innimellom. Låg lenge i lyngen på toppen. 3,9 km, 1 t og 51 min. 306 hm. Tom var med.
Blank føremiddag til Tysnessåto
- Dato:
- 29.05.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 4,2km
Herleg tur opp frå Myrdal. Ikkje ei sky, heller ikkje vind. Konsentrert stigning, over 500 hm på 2 km! Gjekk nok ein liten snarveg oppover, nedover var det lettare å sjå stigen, opp så eg rett ned i bakken. Brukte 1 time opp. På toppen møtte eg eit hyggjeleg lokalt par som etter å ha fått ungane i barnehage og skole, hadde inntatt frokosten på toppen. Havet som ein spegel, kvite snøfjell inn mot landet, kjende att Svenningen frå i fjor, Tveitakvitingen frå i går og sjølvsagt Folgefonna. Var på toppen i ein dryg halvtime, og brukte ein knapp time nedatt. Møtte til saman fem turgåarar på veg opp. 4,2 km, 545 hm, 2,5 time inkludert pausen. Gjekk aleine.
Rusttur i vind
- Dato:
- 15.09.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 5,0km
Kosetur til Rust i sol. Sterk vind på toppen. Matpause i le på framsida. Tom, Svein og Ingunn var med.
Gulle fint på Gullfjellet
- Dato:
- 08.09.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:15t
- Distanse:
- 9,1km
Køyrde frå Bergen til stor parkeringsplass med godt merkt løypenett til og rundt Gullfjellet. Masse folk ute denne solblanke sundagen. Først eit strekk med stig/løypetrasé. Så bratt opp våt stig/bekkefar, så myrar og stig over dei slakt oppover. Store flotte vardar langs stigen starta på toppen av myrstrekket. Stigen frå første varde gjekk så i ordentleg fjellterreng med vardar i jamne intervallar heile vegen opp til toppen. Overraskande høgt opp, stadig nye bergtoppar bak kvarandre. Masse folk på toppen, fantastisk utsikt. Havørner i lufta som vi følgde med på medan vi åt niste. Same veg tilbake. 9,1 km, 3 timar og 15 minutt, 864 hm. Anne var med.
Andre topp for dagen - Eldsfjellet i Meland
- Dato:
- 07.09.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:26t
- Distanse:
- 3,0km
Frå Øverdalen i Os køyrde vi nordover og kryssa Nordhordlandsbrua inn i Lindå og så Meland. Køyre til Eldsfjellet p-lomme eit kort strekk frå Vikebø, nydeleg langs vatnet her! Vi skar inn den merkte stigen og gjekk rett opp den bratte lia og gjekk opp skardet mellom to bratte fjellhamrar. Vi var oppe på toppen etter knappe 30 minutt. Flott sol og super utsikt, men litt vind. Den hadde vi stort slett sluppe på Sveningen. Men her hadde vi jo havet rett ut mot vest og nord, og det hadde vel blåse opp litt. Utruleg nok greidde vi å gå feil veg nedover, etter å ha surra rundt og sett oss omkring og tatt bilete og sånt, hadde vi mista retninga, og vi starta å gå nedover langs merkt stig som ikkje var den stigen vi hadde kome opp. Vi tok oss inn att relativt raskt, gjekk tilbake og >>>