Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (5)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (31)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (4)
- Trip by foot (74)
Favourite trips
Favourite peaks
Sandfloeggi i optimale forhold
- Date:
- 14.05.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:00h
- Distance:
- 38.0km
Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, >>>
Andre dag over Jøkulen i sol og vindstille
- Date:
- 19.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 23.0km
Andre dag på Finse passa godt for tur på Jøkulen. Sol og vindstille. Tok på fellane ved Appelsinhytta. Det klabba i dei i dag! Er dei skitne eller noko tru? Eg gjekk opp i berre trøya, og vi rasta ute i sørveggen. Omtrent ikkje vind i det heile over jøkulen. Godt underlag ned alle bakkane, men som vanleg bakglatt over Finsevatn heim. Knut, Dagfinn, Ellen og Olaf var med.
Fast helg med gamle kollegaer - to flotte dagar på Finse
- Date:
- 18.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 27.0km
Vi trefte Skarverenn-helga i år, men det gjorde ingenting Moro å få sjå eliten opp dei første bakkane. Vi tok av løypa deira på det første platået, og gjekk til Flakavatnet og så gjennom Kyrkjedøri. Sol og litt vind, godt føre, vr 50 heile dagen. Vi gjekk ein liten runde bakom der og tok så opp gjennom og det skaret som ender heilt nord i Flakavatnet. Så heldt vi mot vest og gjekk opp Flakavassfonni som eg trur den heiter. Vi kom då opp mellom to av Flakavassnutane, og derifrå rann vi ned og så opp til Sanjt Pål. Vaffel på Klemsbu og så ned til Finse. Olaf, Knut, Ellen og Dagfinn var med.
Hedmarkstriangelet - dei første toppane i Hedmark
- Date:
- 12.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Tidleg påske og flotte skiforhold i fjellet motiverte til å reservere denne sundagen til ein skitopp. Valet fell på Hedmarkstriangelet, tre toppar kunne kanskje forsvare dagstur frå Oslo? Kom frå byen kl 0900, bra til å vere meg, men tulla med køyringa, for dårleg bilkart og fomla med den nye gps'en i bilen. Eg skulle ha tatt av der det sto Brumund sag, men køyrde rett fram og havna til slutt ved Mesnali, og derifrå visste eg ikkje om det var tversovervegar, så eg køyrde attende, spurde meg for og fann ein tversoverveg forbi Veldre skistadion til bommen ved Brumund sag. Hadde ikkje 105 kr i cash, ei heller penn, og luka var ikkje betjent, så eg feide innover utan å betale....Det var mykje lenger oppover enn eg hadde tenkt, fleire mil, så då eg kom til Skvaldra blei kl 1230 før >>>
Påskeklassikaren
- Date:
- 04.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 24.0km
Ny flott påskedag. 10 minus i dag tidleg og blank himmel. Starta kl 1015 frå hytta. Gjekk på ski til Dammen, bar skia til myra før Gåsevatn, så Gåsevassdalen opp og rundt Rust. Kom opp nordfrå. På toppen møtte vi to bygdekjenningar. Rasta på sjølve toppen i le bak "Høna". Fint når sola var framme. Litt kaldt når det glei småskyer framfor sola. Køyrde ned på baksida og møtte broren min med to av barna og kone på veg opp. Vi heldt mot vest og køyrde ned til Skardstaul der vi tok til høgre opp skardet og etter kvart kom vi til Hovdestaul. Derifrå ned til Bøle, ned ekrene og skogen og så ut på Gjevarvatnet og isen heim. Bakglatt dei siste 9 km, men god glid over isen. Var heime 1545. Ca 24 km. Torunn og Uncas var med.
Vind på Storegrønut
- Date:
- 01.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 20.0km
Skitur med Tom og Uncas. Køyrde til Vinsvål, gjekk opp Røynbrekka og via Vorvatn til rett under Storegrønut. Der rasta vi med vindsekken som levegg. Så opp til toppen, dei siste metrane på beina. Dette var første gong der oppe for Tom. Litt synd med svært sterk vind og litt overskya, men utsikten var vid og flott. Vi gjekk rundt toppen mot vest og sør før vi rann ned Bjålandsdalen og gjekk Kjerringdalan tilbake til rasteplassen og så heim att. Litt vrient føre, ikkje ordentleg skare og tørr snø og frosne spor frå i går - der vi hadde spor. Dryge 20 km.
Lenge planlagt - fint gjennomført
- Date:
- 28.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 20.0km
Påska starta med besøk på hytta til Finn på Vaset, og besøket var planlagt med kommunetoppen som viktigaste program. Vakna til sol, blå himmel, vindstille og 5 minus. Køyrde til Buaråne og parkerte. Følgde skutespor over vatnet og rundt til Bukono-stølen. Litt lenger fram tok vi av oppover i bjørkeskogen. Opent lende, 5-10 cm nysnø, pussig nok tendensar til klabbing. Vi gjekk opp til den første varden og følgde vardane vidare til Gråkampen. Då hadde vêret endra seg, og vi hadde ganske kraftig vind. Heldt fram til toppunktet, måtte ta på meir klede, fint å vere oppe. Den nye kassa med ny bok mangla framleis penn, det burde vi ha tenkt på etter å ha lese Ole Petter sin rapport. No svært kraftig vind, hunden bles nesten av toppen. Prøvde å raste inne i vindsekk eit stykke >>>
Mælefjell
- Date:
- 21.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 21.0km
Har drøymt om denne lenge. I dag hadde vil kuldegrader, strålande sol, skare under og nysnø frå i går. Noko vind var meldt, men det løya utover dagen. Vi køyrde til Natadal og kosta på gjennom open bom. Men eit lite stykke oppi der låg ei gran tvers over vegen, så bilen blei parkert ved bommen. (Det var bra, for då vi kom tilbake, var bommen låst.) vi gjekk og bar skia langs vegen heilt til Juvet, det er der vegen kryssar bekken og svingar opp mot aust i lia over bekken. Så gjekk vi med fellar oppover til Mælstaul. Nydeleg plass. Meir og meir nysnø frå dagen før, og frå staulen og opp Tjønnskar var det kanskje 10 cm tørr nysnø. Vi gjekk skaret opp til vi såg Rusttjønnan. Møtte ei lokalkjend dame med hund, som sa at dette skaret er rasfarleg under andre forhold, men ikkje >>>
Topp i Telemark-prosjektet
- Date:
- 14.03.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Berre ein topp til samleprosjekta så langt i vinter, har prioritert km på ski, men denne hyttehelga hadde eg planlagt å utvide samlinga Telemarks-toppar. Valet fell på Røysdalsnuten, høgast punkt i Lifjell, ikkje kommunetopp, men høyrer til den fine samlinga med kremtoppar i Telemark, toppar med pf større enn 500. Vi køyrde til Flatdal og tok vegen opp Grunningsdalen. 60 kr i bompengar. Parkerte på plassen ved Grimås. Det bles overraskande nok, ikkje ei sky, men altså noko vind og knallhard skare. Vi gjekk opp dei bratte kneikane til vi kom opp på platået, men i staden for å følgje løypa, gjekk vi nutane og liene til venstre, og kom ned til Årstaultjønni. Der sett vi frå oss skia, og gjekk med stavar opp den bratte renna til venstre for nuten og runda så bakifrå og kom >>>