Varden (27.07.2012)
Ascents | Lundevarden (676m) | 27.07.2012 |
---|
Byrjar å verte ei stund sidan eg var på "fjellet", men kosar meg på turar i nærleiken av heime. Sykla i vegen frå heime kring 12, ned til Fjerdum og opp i byggjefeltet. Parkerte sykkelen øvst, møtte Jorid og saman gjekk me opp på Varden og ned att til Tyrom. Deretter til kyrkja og nordover att mot Brua. Ved Steine gjekk me den gamle Gausdalsvegen og kom att ved huset hennar Jorid. Herleg med mat. Sykla så heim, var ein tur innom ho oldemor. Parkerte heime kl 17. Godt og varmt vêr i dag.
User comments