Spåtind (16.08.2012)


Map
Ascents Spåtind (1,414m) 16.08.2012

Torsdag kl halv eitt reiste eg, Ingrid, Jorid og Marte Stine frå Statoil i Østre, med kurs for Lenningen. Parkerte (trass advarslar om at hestar kunne ete opp bilen) ved ei grasslette kor det sto eit skilt: "Turløype Spåtind". Traska i vegen nærare kl 15. På toppen stempla me Topptrimkortet og sette oss inn i bua, då det var ganske hustri. Sjeldant utrivleg stad, men stemninga var desto betre. Kl 18:02 var me nede att ved bilen. Køyrde attende forbi dei to kafeane på Lenningen, forbi Sebu-Røssjøen og parkerte ved innkøyringa til Tronhus. Her var det ein fin teltplass. Pakka ut or bilen og sette opp teltet for kvelden. Grilla og høyrde på radio før me bada i det blikkstille vatnet. Sov godt og lengje, vakna utkvilte og klare for Djuptjørnkampen.

User comments

  • -
    avatar

    Dette gløymer eg aldri!

    Written by hugteken 23.09.2014 19:47

    Dette gløymer eg aldri, Sunniva. Det var ein heilt fantastisk tur. Målet og draumen er at vi skal få gått fleire turar saman i framtida. Men eg ser at avstand og livssituasjonane våre (kvar vår skule, kvart vårt studie osv.) sett visse begrensningar.

    Har laga meg brukar her i dag, forresten. Vonar eg blir flink til å bruke han!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.