Slagsfjella og Kristianvarden (23.08.2012)


Map
Ascents Kristianvarden (1,145m) 23.08.2012
Vestre Slagsfjellet (1,167m) 23.08.2012

Eg og Marwin fekk lurt med oss mor på ein topptrimtur i ruskevêret. Parkerte ved nedkøyringa til Fyksesætra, langs Peer Gynt-vegen. Yr i lufta, regnskurer kring oss. Gjekk vidare langs vegen og opp Kristianråket til høgre. Opp på Kristianvarden og deretter Vestre Slagsfjellet. Fin utsikt mot m.a. Skeikampen og Prestkampen, såg såvidt Ongsjøfjellet i det fjerne. Elles litt begrensa kor langt ein kunne sjå. Mor fekk stempla nok ein topp på kortet. Gjekk råket vidare ned att frå Slagsfjellet, forbi eit tjørn og kom direkte ned att til parkeringa. Brukte omtrent 1,5 timar i ganske roleg tempo. Mor var samd i at dette var ein fin, stutt tur i snilt terreng. Ho er ein vêrskeptiker som enno ikkje har skjønt at vêret berre er stygt for den som sit inne og ser ut. Eg verkeleg kosa meg å fjellet. På sundag flyttar eg, så no berre nyt eg heimlege traktar medan eg enno kan. Takk for turen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement