Nordheimsdalen (18.09.2012)


Duration 72h 00min

Dro frå Sogndal til Fresvik tysdag morgon. Her skulle me leige kajakkar av Dee Cunnigham. Kring halv to var endeleg alle kajakkane pakka og me var på veg innover Aurlandsfjorden. Stoppa på Simlenes. Padla totalt ca. 12 km. Gjekk frå kaia (ikkje langt frå Breisnes) og oppover mot Galden og Brendeli kor me overnatta i Aurland fjellstyre si hytte. Dagen etter gjekk turen bratt oppover mot Nordheimsstølen og vidare til nedste Storebotnvatnet kor me overnatta i ei anna fjellstyrehytte. Før middag var eg med på ein rundtur som gjekk oppom Vesle-varden på 1029 moh. Torsdag morgon gjekk me ned til Nordheimsstølen att, kor me sette frå oss sekkane og tok ein tur opp på Breisnesnosi, 1041. Gjekk ut på kanten og fekk flott utsikt over Aurlandsfjorden. Såg mot Stigen gard, Hermansverk og flyplassen i Sogndal. Gjekk bortom ein topp på 1032 mellom Vesle-varden og Breisnesnosi før me gjekk ned att til sekkane. Vandra vidare ned til Brendeli kor me låg natt til fredag. Opp kl 05.00 for å kome oss ned til kajakkane så fort som mogleg. Tok ei stund å få pakka desse, men fjorden var stille, sola skein og turen inn att til Fresvik var nydeleg. Tusen takk til friluftslivklassa 12/13 på Sogndal fhs for ein strålande tur!

Aurlandsfjorden sett frå Simlenes
Aurlandsfjorden sett frå Simlenes
bergteken_dsc_0177.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.