Dugnad på Grøssete (27.09.2012)
Visits of other PBEs | Grøssete (850m) | 27.09.2012 |
---|
Dugnadsveke på skulen. Vart med i ei gruppe på ni som gjekk opp til Grøsstet torsdag morgon. Vel oppe rydda me opp etter Dagmar: sorterte material frå ei øydelagt bu. Stelte i stand ved av noko; brente resten. Fekk eit huggeleg bål å sitje rundt heile kvelden. Fekk overnatte på Grøssete. Verkeleg huggeleg hytte. Fredag gjekk me ned att, på vegen rydda me vinterløypa. Flott tur i eit terreng eg og fleire av elevane byrjar verte kjent med no.
User comments