Hugs fjellsko (12.07.2013)
Ascents | Djuptjernkampen (1,325m) | 12.07.2013 |
---|---|---|
Snæreskampen (1,084m) | 12.07.2013 | |
Solskiva (1,184m) | 12.07.2013 |
Eg vil ha fri, eg vil ha sol og varme dagar... syng dei på radioen. Fredag 12. juli hadde alt dette og meir. Visst har me vore i Vestfjellet før. Visst har me vore på Snæreskampen, Solskiva og Djuptjørnskampen før. Men det var i fjor. Med svært få toppar att på Topptrimkortet for i år, bestemte eg og Marte Stine at det kunne passe fint å køyre til Toftsætra, parkere, greit bestige Snæreskampen og deretter traske den druge turen inn til Skjellbreida og deretter opp på det flotte massivet på 1325. Jaudå, ein fin plan.
Dagen låg føre oss då me kl 08:14 køyrde frå ein av desse evinnelege daglegvarebutikkane i Østre Gausdal. Med Reiseradioen gjekk bilturen smertefritt og den storslagne utsikta me fekk idet den stakkars bilen kom opp over haugen på Værskei, gjorde at det kribla litt i føtene. Pliktoppfyllande og heilt etter lov og norm, betalte me dei 50 kronene for å køyre inn til Toftsætra. Eg gjekk ut or bilen og inn i naturen idét noko slo meg. Hardt. Eg måtte brøle mange stygge ord før eg kunne fortelje turfølgjet mitt at eg hadde gløymd fjellskorne mine på vaskerommet heime. Resten av dagen vart ikkje i så stor grad prega av det faktum at eg er eit naut som eg hadde trudd.
Alt gjekk bra både opp på og ned frå Snæreskampen. Etter start ved bilen litt før ni, var me nede att litt over halv ti. Kva no? Truleg mykje myr og blautt innover mot Skjellbreida. Eg hadde joggesko. Kor lang tid kjem det eigentleg til å ta, dette her? Er det mogleg å gå berrføtt? Me gav oss (uten å ha kjempa hardt for prosjektet) og køyrde mot Oppsjøen og vidare mot Lenningen.
Parkerte bilen og rusla innover mot Tronhus litt over ti. Sola varma godt og det var allereie høg temperatur. Det gjekk godt innover, sjølv med stusseleg skoty. Etter ein time og førti minutt sto me ved varden og kunne skue utover resten av verda. Rasten i sola gjorde godt og eg og Marwin vart etterkvart rastlause. På veg ned att tok me turen over Solskiva. Heldigvis, kan ein vel seie, møtte me folk på veg ned att. Dette var nemleg ein heilt fantastisk nydeleg dag i fjellet og alle burde vore ute for å oppleve dette.
Fjellet gjev og fjellet tek. Fjellet lærer deg det meste du treng å vite for å leve. Fjellet er alt, trur eg. Det finaste eg eig, er fjellskorne mine. Det er eit slags pass, ein universell billett, eit gavekort på livet. Eit enkelt redskap som gjer at alt er innan gangavstand. Eg skal aldri gløyme fjellskorne mine. Aldri meir.
User comments