Eg saknar Sogndal! (01.09.2013)


Map
Ascents Storheia i Trondheim (565m) 01.09.2013

Etter å ha budd i Trondheim i tre veker, var det på tide å kome seg ordentleg opp i høgda... Eller, i alle fall så høgt det let seg kome her. Sundag med flott sol. Gjekk nærast i ei gågate frå Fjellsætra og innover. Bikkjer, folk, andre dyr, ungar, syklistar; det einaste eg ikkje såg var skilauparar. Grusvegar, tilrettelagte stigar og plank gjorde verkeleg turen "opp" til plankekjøring. På toppen var det vanskeleg å få sitjeplass. Utsikta var fin. Godt å kome seg ut på tur og det er fint å sjå at andre også kjem seg ut, men uansett kor ein dreg ut her, gløymer ein aldri at ein bur i ein by. Eg lengtar attende til stilla, bratte, steile fjell, motbakkar og attvokse stigar.

User comments

  • -
    avatar

    Jeg savner også Sogndal

    Written by Øyvindbr 02.09.2013 08:55

    Jeg savner også Sogndal!! Jeg savner på ingen måte Meieriet og annen utelivsjævelskap der oppe, men naturen der og den enkle tilgangen til kremen av sørnorsk natur! Skulle gjerne tatt permisjon og bodd der igjen minst et år for å kunne herje mer fra meg. Sogndal ligger midt i smørøyet!

    Men jeg er bombesikker på at Drammen er bedre enn Trondheim, iallfall når man er glad i skauen også og trenger større områder enn man har i bymarkene der oppe...

    • -
      avatar

      Sv: Jeg savner også Sogndal

      Written by bergteken 02.09.2013 11:52

      Nei, eg er samd; det finnast berre eitt slags "uteliv" det går an å sakne og det er festlegare enn alt anna! :) Eg hadde berre eitt år i Sogndal og innsåg at det er naudsynt med fleire.

      Trur det meste er betre enn Trondheim, ja. Eg er ikkje overtydd av det eg har sett så langt... Har heldigvis tenkt meg ein tur til Trollheimen til helga att; har tru på at det skal verke opplyftande!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Jeg savner også Sognd

        Written by JPV100 03.09.2013 08:49
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.