Telttur i Bymarka (28.03.2014)


Map
Ascents Storheia i Trondheim (565m) 28.03.2014

Frå fredag til laurdag. Parkerte ikkje langt frå Skistua. Gjekk innover mot Storheia i varmt vêr, overskya. Slo opp teltet ved Kvistingen, kokka kyllinggryte og koste oss. Sov godt, kulda var i alle fall ikkje noko problem. Vakna til ein strålande dag med solskin frå blå himmel. Lang og god frukost med nysteikt pannebrød før me gjekk opp på Storheia på ski. Etterpå vart det lunsj i solsteiken før me gjekk heim.
Takk for turen, Kristine!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.