Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (3)
- Trip by foot (8)
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Nuken
- Date:
- 18.11.2012
Ei stund sidan sist eg var på ein ordentleg fjelltur med ein topp som mål. Føltes difor utruleg herleg å berre gå rett ut av døra på internatet og traske oppover mot Hølsete. Eit stykkje oppe, kring 400, gjekk regnet over til snø. Nett det eg hadde håpa på. Sidan me visste at det var spådd nedbør og skiftande, valde me altså å gå til Nuken (som me kjenner godt) denne sundagen. Litt under tre timar opp, litt under to ned att. Fekk bruk for både truger og miniski, som me bar med oss. Godt med lunsj i ein hyttevegg under toppen, då det bles meget kraftig. På veg ned var det ikkje langt etter sola, dette skapte eit pent lys og ei magisk stemning. Gjekk inn døra til matsalen akkurat kl 16, i tide til ein velsmakande sundagsmiddag. Turfølgje: Cathrine, Kristien og Kristine. Takk >>>
Halsavatnet og Nuken
- Date:
- 30.10.2012
En litt annleis tur. Me vart trekt ut i grupper på to og to, eg kom saman med Danny. Me fekk i oppgåve å finne vegen til Halsavatnet. På tur opp fekk med ymse utfordringar. Med oss fekk me ein presenning og litt mat. Dagen etter skulle me gå attende over Nuken og møte resten av gruppene ved ei hytte som ligg sør-vest for Nuken. Det var mykje snø i fjellet no, men turen opp vart ein av dei sjeldent vakre. Glitrande puddersnø, kaldt og pen ettermiddagssol. Kring fire var me framme på austsida av Halsavatnet. Utfordringa var å få til eit bål. Diverre brant det berre i 20 minutt. Me hadde ikkje nokon mellomting, noko å leggje på etter bjørkenever og turrkvist og før dei relativt store og råe bjørkestokkane. Etter ei god stund med mislukka forsøk, sette me opp presenningen mot >>>