Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (3)
- Trip by foot (8)
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Thallaugkampen og Kalstadberget
- Date:
- 19.07.2012
Klokka 15 sykla eg til Segalstad Bru og Linflåa, kor eg møtte Åse. Saman sykla me roleg Baklivegen til Fykse, kor me tok av oppover Baklikjølvegen. Sykla denne oppover og sørover att langsmed Østre og til slutt ned mot Tålå. Hadde til tider fantastisk utsikt over blant anna Gausdal, og opp mot Skeikampen, Bånseterkampen, Bjørga, Kidliknappen og Roåkerknappen. Me parkerte syklane ved Ekren og gjekk råket opp mot Tålåkampen. På "toppen" av den bratte stien, tok me av og gjekk vestover, mot Vestre Gausdal. Gjekk nedom Kalstadberget, skreiv i boka og såg på utsikten. Vidare hadde me tenkt oss til Vardkampen. Difor gjekk me mot Vang, ut på grusvegen og rusla nedover eit stykkje. Men me vart einige om å spare han til ein annan dag. Me hadde allereie vori ute i fleire timar og tykte >>>