Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (3)
- Trip by foot (8)
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Halsavatnet og Nuken
- Date:
- 30.10.2012
En litt annleis tur. Me vart trekt ut i grupper på to og to, eg kom saman med Danny. Me fekk i oppgåve å finne vegen til Halsavatnet. På tur opp fekk med ymse utfordringar. Med oss fekk me ein presenning og litt mat. Dagen etter skulle me gå attende over Nuken og møte resten av gruppene ved ei hytte som ligg sør-vest for Nuken. Det var mykje snø i fjellet no, men turen opp vart ein av dei sjeldent vakre. Glitrande puddersnø, kaldt og pen ettermiddagssol. Kring fire var me framme på austsida av Halsavatnet. Utfordringa var å få til eit bål. Diverre brant det berre i 20 minutt. Me hadde ikkje nokon mellomting, noko å leggje på etter bjørkenever og turrkvist og før dei relativt store og råe bjørkestokkane. Etter ei god stund med mislukka forsøk, sette me opp presenningen mot >>>
Bånsæterkampen
- Date:
- 06.10.2012
Vakna til ein kald, klar morgon. Sol frå skyfri himmel. Ingen tvil; bikkja inn i bilen og rett til fjells. Jorid vart med. Gjekk frå parkeringa innst i Torsdalen kring 11:30, mot Prestkampen. Frisk fjelltrekk. Opp på Vestre Bånsæterkampen. Matpause i solsteiken. Vidare over Midtre på veg bort til Østre. Lett og roleg tur. Det gjorde inntrykk å sjå rett bort på dei snødekte massiva i Rondane. Etterlengta utsikt mot Gausdal, Vestfjellet, Jotunheimen og Heidalsmuen. Verkeleg fint å kome ut saman med Jorid og Marwin att. Mykje folk og dyr i fjellet i dag, topp stemning. Gjekk ned att i skaret mellom Vestre og Midtre. Nede att ved bilen 15:30. Takk for ein fin dag!