Rauma: Bispen, Kongen, Dronninga og Karitinden (13.09.2014)
Start point | Trollstigen (700m) |
---|---|
Endpoint | Trollstigen (700m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 7h 40min |
Distance | 15.0km |
Vertical meters | 2,000m |
Map |
Ascents | Bispen (1,462m) | 13.09.2014 |
---|---|---|
Dronninga (1,544m) | 13.09.2014 | |
Haugabotntinden (1,356m) | 13.09.2014 | |
Kongen (1,614m) | 13.09.2014 |
Denne helga hadde eg planar om eit par turar rundt Trollstigen, men då Janne kom i telefonen med turar i same området vart mine lagt på is så lenge. Det skulle bli eit artig turfølgje: Dei vidkjende Vognild-brødrene, Andreas, Joso, Brit Siv, Janne og meg. Fleire av desse hadde eg ikkje vore på tur med før. Kjøyrde rett etter jobb fredag. Kom til Trollstigen ca kl 1800 og parkerte ikkje langt frå ruta som er merka med skilt.
Ein telefon til Janne, ho kunne bekrefte at det hadde komt uventa utfordringar på vegen oppover. Sjølv om det er fleire hundre meter frå rundkjøyringa i Stryn til nærmaste sportsbutikk fekk shoppingnasene til damene teften av billeg dun. "Vi stoppa i Stryn og handla litt" sa Eikås. Eg kjenner lusa på gangen etterkvart og tok denne: "Ka fanken, har du kjøpt deg enno ei dunjakke?". Det vart ein skikkeleg gapskratt i andre enden. Ca 2000 kom dei og etter teltoppsetting og diverse vart det mat og vin i bobilen. Vi avslutta kvelden med framvisning av moteriktig dunbekledning på Trollstigen catwalk. Dei andre skulle vi møte laurdag morgon.
Etter ei helse- og komeigangmedpraten-runde kom vi oss avgarde frå Trollstigen ca 1000. Gjekk frå parkeringa ved senteret der det og er god sti oppover. Mykje folk tok laust omlag samtidig, så ikkje fare for å være åleine på desse populæra toppane. Tok enklaste rute til Bispen, vidare nordover mot Kongen. Gjekk ruta opp ryggen frå sør. Janne fekk ei veldig lei vridning i kneet ned frå Bispen, faktisk litt betenkt ei stund. Heldigvis hadde ein av Vognild-gutane med eit rikhaldig pilleutvalg. Dette hjelpte ho heile dagen. Frå Kongen såg vi mot neste topp, Dronninga. Her var det 2 turfølgjer oppom medan vi tok pause. Tok ruta nedover mot Kongskneet. Før denne tok vi ned i renna og opp på kanten på andre sida. Her er det varda nordover i sida vest for Dronninga. Heilt ok å gå. Etterkvart bratt opp mot ryggen nord for Dronninga. Eit lett klyveparti rett før toppen. Hadde no veldig lyst å fullføre heile ryggen nordover med Haugabotntinden. Skilde lag med dei andre og avtalte å møtast ein plass seinare på dagen. På returen møtte eg med ein gong Vognild-gutane som hadde gått litt i førevegen. Ein av dei sleit med eit vondt knø (les kne) Dette knøet hadde plaga han lenge, men det gjekk bra nedover. Kom tilbake til senteret ca 1740. Det vart forferdeleg lenge å vente på dei 4 siste. Eg frykta at det var knøet til Janne som hadde slått seg heilt vrangt. kl 2000 fekk eg svar i telefonen og rett etter kom dei, 2,5 timar etter oss. Fristelsen hadde sjølvsagt blitt for stor for dei og, Haugabotntinden måtte til pers. Generlet mykje knøproblem i turfølgjet då Brit Siv og sleit med eit av sine knø. Då var det berre å kjøyre til Åndalsnes for sosialt samvære på hotell Bellevue. Eg campa sjølvsagt i bilen. Neste dag usikker, men bra vart det!
User comments
Konger og dronninger på rekke
Written by otto 16.09.2014 22:28Regner med du hadde kontroll på turfølget. Disse oppdalingene vet man ikke helt hvor man har i terrenget.!
Knø og pæsj
Written by boven 16.09.2014 22:41Det er iallefall lenge sidan eg har flira så mykje på tur, for eit humør på desse karane!