Luster: Høgvagltindane (19.09.2014)
Start point | Leivrassbu (1,400m) |
---|---|
Endpoint | Leirvassbu (1,400m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 5h 10min |
Distance | 14.9km |
Vertical meters | 1,040m |
Map |
Ascents | Midtre Høgvagltinden (2,066m) | 19.09.2014 |
---|---|---|
Vestre Høgvagltinden (1,967m) | 19.09.2014 |
Toppsamlarhelg på Leirvassbu. Vi kom torsdag kveld, lalla pjokken og sosialiserte oss litt inne. Bestemde oss for familietur på fredagen, vermeldingane var best for denne dagen. Laurdagen gjekk eg Tverrbottindane til Tverrbytthornet saman med Kroksleiven og søndag gjekk Lise Skardstinden med Sondre sitt turfølgje. Ei veldig fin helg der vi traff mange gamle og nye fjellfolk.
Kom oss som alltid seint avgarde. Gjekk ruta mot Olavsbu og tok av langs ryggen på ein merka/varda sti. Etterkvart tok vi av frå denne og gjekk mot Vestre Høgvagltinden. Her hadde vi lang pause. Vinjar kosa seg i dunposen. Ganske skarpt i lufta, men sola varma godt når ho slapp igjennom. Vi såg eit stort turfølgje på Midtre Høgvagltinden. Dette var Arne og 12-13 stk som hadde gått motsatt veg. Vi møtte dei omtrent i skaret mellom toppane. Vinjar hadde sovna igjen så vi gjekk berre over 2066, kort fotoøkt. Første gang vi har hatt med guten over 2000 meter. Vi gjekk no ruta vidare ned til utosen av Øvre Høgvagltjønnen. Dette angra vi på for det tok lenger tid enn det ville tatt å returnere same veien som vi kom. Nede ved vatnet møtte vi Øyvind og Geir Arne som hadde vore på Mjølkedalstinden og Olavsbunuten. Gassa hardt på tilbake til Leirvassbu. Her møtte vi Kroksleiven som kom frå Kyrkja. Meget gledeleg at han var på plass!
Takk til arrangøren for eit flott arrangement, vi stiller på om dette blir gjentatt!
User comments
Artig
Written by tommy 29.09.2014 22:01Hei.
Det var hyggelig å hilse på dere. Ble imponert når dere kom der med den 6mnd gamle gutten. Håper vi møtes igjen ved en senere anledning. ;)