
Vinden herja fælt på Svartvassbu om natta. Vi låg på den såkalla sikringsbua, lengst vekke frå vatnet. Geir Arne fekk i seg innhaldet i ein Trondhjems hermetikkboks til frokost, eg jævlast med nokre tørre skiver. Plan: 4 toppar nord for Svartvassbu. Bikkjekald vind, og vi fekk på oss jakkene med ein gong. Fulgte merka rute rett opp frå hytta. Tok etterkvart av frå denne og gjekk mot Gråfjell, vidare opp ryggen til Helvetestinden. Denne har Krokfoten hatt på ønskjelista ei stund, og seigemannen vart kjærleg plassert i varden. Frå toppen gjekk vi rett mot Østre Melkallskaret. Her var det veldig bratt men ikkje vanskeleg. Gjekk under linja og hadde god matøkt bak nokre store steinar, sola fekk varma litt her. Dess kraftlinjene er ikkje noko vakkert syn nei, og vinden ula enormt i konstruksjonane. Satte igjen sekkane og fekk dagens trivelegaste økt opp ryggen til Melkallen. Sola varma og vinden akkurat her til å leve med. Tilbake i skaret tok vi ned litt høgde til botnen og inn på den merka ruta til Svartvassbu. Fulgte denne mot Styggeværshaugen og vidare til Kvitfjellet. Her var vinden enorm, og på heimveg over Styggeværshaugen bles vi utav kurs fleire gongar. Berre å gønne på tilbake til hytta utan prat eller kos av noko slag. Her hadde vassbøtta på trappa blåst over alle haugar, men vi fann igjen både den og steikjespaden. Pakka sekkane og rydda utav hytta. Geir Arne henta ved på den andre hytta så det skulle være klart til neste turfølgje. Vi diskuterte om det var rett å plukke Svartevasshøgda denne dagen og. Sidan vi konkurrerer mot folk som kjøyrer bil til toppar fann vi ut at vi med god samvittighet kunne plukke desse 69 pf-metrane. Geir Arne satte opp eit vanvittig tempo tilbake til Rabben. Kjempeburger venta på Esso Åndalsnes, og kveld ved Trollveggensenteret. Her kom ei flaske Famous Grouse på bordet i bobilen, og stemninga steig såpass etterkvart at vi starta med telefonering til andre tindesamlarar rundt om. Plan for neste dag: Kalskråtinden frå Remmem.

Benutzerkommentare