Sunndal/Surnadal: Snøfjellet og Skjerdingen (19.04.2015)


Start point Todalen, stistart Innerdalen (230m)
Endpoint Todalen, stistart Innerdalen (230m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 09min
Distance 20.5km
Vertical meters 1,700m
Map
Ascents Skjerdingen (1,500m) 19.04.2015
Snøfjellet (1,579m) 19.04.2015
boven_20150429_5541374f0ea8d.jpg

Endeleg godver på nordvestlandet. Kjøyrde mot Kårvatn og parkerte der stien mot Innerdalen startar. Kom meg avgarde ca 1000, gjekk først med skia på sekken etter raudmerkinga. Såg snart fotspor etter 2 stk som var foran meg. Eg tenkte dei skulle mot Bjøråskaret og ein topp, men dei tok av mot egga nord for Skjerdingen bratt opp nokre rennesystem. Såg dei aldri igjen. Hardt og lettgått innover dalen, kom til Bjøråskaret etter knappe 2,5 timar. God matøkt før eg peila meg mot Snøfjellet. Var veldig spent på det brattaste partiet. Satte igjen skia ca 150 høgdemeter under toppen og leita fram stegjern og isøks. Snøen var mjuk og kram og det gjekk greit over. Siste 100 meterane til toppen utan ski og stavar vart tunge. På toppen skal det være ein kjempevarde og postkasse med bok. Dette såg eg ingenting til, godt gjøymt under snøen. Ny matøkt i Bjøråskaret medan eg nytte utsikta til mykje flotte fjell på andre sida av dalen. Gjekk heilt til toppvarden på Skjerdingen med skia på. Eit par kom mot Bjøråskaret gåande sideveis. Det er langt når ein skal gå sideveis som om ein trakkar ein hoppbakke. Såg nordover egga etter dei 2 andre men ingen å sjå. Bratt og fin skikjøyring ned til skaret, resten av turen er glistrekk heilt til bilen. Passerte sideveis-paret som hadde ein del arbeid å gjere før dei var heime. Kjempeflott tur i storslagen natur. Var innom butikken i Todalen og røla litt med butikksjef og borgarmester i bygda.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.