Surnadal/Sunndal: Todalsøra -> Ålvundeid (21.04.2015)


Startsted Todalsøra (5moh)
Sluttsted Ålvundeid (180moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 6t 24min
Distanse 22,0km
Høydemeter 1940m
Kart
Bestigninger Børsetkjerringa (1009moh) 21.04.2015
Fjellhaugen (645moh) 21.04.2015
Grånebba (1305moh) 21.04.2015
Peknuken (687moh) 21.04.2015
Rambjøra (1148moh) 21.04.2015

Ein skikkeleg god start på dagen med sol og ikkje ei sky. Parkerte på Holmen og fulgte skogsvei mot Hallsetsetra. Tok på skia på ca 300 moh, drakk ein liter vatn og fylde flaska. Gjekk sør for Litlfjellet og rett på Rambjøra. Vidare forbi Botnnebba som eg droppa og mot Vassnebba. Det nyttar ikkje å komme til Todalen og snakke om Grånebba, her heiter den Vassnebba. Sida oppover var eit helsikes dritføre med ei hard isskorpe. Tok på stegjern og slengde skia på sekken dei 300 høgdemeterane opp. Kasse med bok som vart signert. Eit blikk på Viromkjerringa gjorde valget lett, denne blir tatt seinare. Steinete og islagt oppover sida. På vei nedover mot Børsetkjerringa møtte eg lokalkar Finn Børset som eg hadde ein lang prat med. Plukka Børsetkjerringa før eg glei ned rundt Kjerringvatnet. Her møtte eg Finn nok igjen, denne gang i hytteveggen. Plutseleg kom skodda deisande og la seg på alt av toppar. Takka meg sjølv for at Viromkjerringa var skrinnlagt. Det kunne blitt eit utriveleg prosjekt. Glei ned Valsetbotnen og mot Fjellhaugen. Her var det peppra med scooterspor i alle retningar så bratt som det er muleg. Meget kreativ nyttekjøyring, heilt sikkert ført i boka. Mot Peknuken hadde skodda lagt seg ned mot 500 moh så her var det lite sikt. Glei tilbake mot alpinttraseen og fulte denne til skitrekket der Lise plukka meg opp etter ei stund. Ein god dag frå Todalsøra til Ålvundeid.

boven_20150429_554134ce14b5e.jpg

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.