Gjemnes: Holtafjellet, Nebba og Kammen. Pf 100 komplett (29.07.2015)
Start point | Dønnem (70m) |
---|---|
Endpoint | Dønnem (70m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 3h 40min |
Distance | 15.8km |
Vertical meters | 1,010m |
Map |
Ascents | Holtafjellet (610m) | 29.07.2015 |
---|---|---|
Kammen (583m) | 29.07.2015 | |
Nebba (658m) | 29.07.2015 |
Siste tur i Gjemnes. Usikker på det meste, i tillegg til at det var skodde langt ned, og eg hadde alt ein tur i beina denne dagen frå Innergardssetra til Skeisdalen. Kjøyrde til Dønnem, der var det eit raudt skilt (Stikk Ut) ved veien + fleire skilt med namn på alle vatna oppover. Har faktisk liggande dette Stikk-ut-kartet i bilen utan at eg har finstudert det. Fann ein liten parkeringslomme rett oppi veien som tydelegvis var brukt til turparkering. Letta over dette tok eg meg ein kopp kaffi og slappa av litt.
Kom meg avgarde ca 1500. Gjekk veien oppover, den var ganske bra! Men skilting om privat veg osv. Rett før Bakkvatnet stod det skilt om Holtafjellet. Eg hadde ingen spesielt spikra plan om rekkefølgja på desse toppane, men det virka naturleg å starte der så tok av oppover. Stien var svak til tider men ellers lett å følgje på mykje sva og åpne parti. Kom til topps i tjukk skodde. Kasse og bok som vart signert, Torvikbukt IL. Det såg ut som det kom ei kvista løype til topps, men eg hadde ingen aning om kvar denne kom frå. Så eg gjekk på kompass vest for Storlimana. På vei ned sørvestryggen der møter eg igjen denne kvista løypa. Etter litt stod det skilt "6 topper" og sti som tok av til venstre. Eg hadde ingen peiling men tok denne. Det var ein kjempesuksess. Denne stien gjekk heilt til Nebba, kvista med halvmeterhøge pinnar og ganske bra å følgje. Utruleg griseflaks. I dette terrenget med skoddegraut hadde det tatt tid å komme seg til Nebba utan sti. Fulgte stien tilbake og tok av ned til Midtvatnet, gjekk veien forbi Bakkvatnet og så siste bakke i Gjemnes kommune. Ingen sti til Kammen, men lett å finne fram oppgjennom bjørkeskogen. Dagen kan oppsummerast som skodde, skodde og atter skodde. Flittig bruk av kart, kompass og gpsklokka + ein del flaks med stien berga turen. Fann og info om 6 topper når eg kom heim.
User comments