Bremanger: 100% (07.10.2015)


Start point Førdsdalen (340m)
Endpoint Førdsdalen (340m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 28min
Distance 18.8km
Vertical meters 1,106m
Map
Ascents Nord for Firevatnet (703m) 07.10.2015
Aust for Hjelmevatnet (585m) 07.10.2015
Nord for Seksvatnet (765m) 07.10.2015
Nordvest for Sjuvatnet (750m) 07.10.2015
Nord for Tvillingtjønna (1,001m) 07.10.2015
Visits of other PBEs Bru mellom Trevatnet og Firevatnet (590m) 07.10.2015

Bremanger 64/64, 100%. Nok ei kommune i boks. Kjem aldri til å fullføre så mange kommuner nokon gong som dette året. I tillegg til 1001-toppen som var siste i pf 100 fekk eg plukka med nokre ned til pf 50. Nordfjord pf 50 er innan rekkevidde, ca 615 toppar. Men veit ikkje om den nokon gong blir fullført, mest pga Einevarden som er ei lita nøtt.

Det var meldt mykje vind i dag nokre stader i Nordfjord. På den engelske yr-sida som eg av ein eller annan grunn fekk opp stod det at det skulle bli gale med vind (Gale). Eg tolkar dette som hårreisande, og la turen litt vestover. Bortsett frå ein del vind på 1001-toppen var det ikkje GALE i det heile, og rett så triveleg i dalane. Kjøyrde Førdsdalen til endes, kr 30. Veien siste stykket er svært dårleg og det er ok med bil som har litt bakkeklaring. Parkerte åleine, såg heller ikkje folk heile dagen. Det er ein av fordelane med dette spesielle området. Frå parkeringa er det no raudmerka med små punkt oppover på sørsida av Fessene. Tok av opp Sjuarhylla som går til Sjuvatnet. Holdt ryggen til punkt 750 og vidare nokre 100 meter tilbake til 765-toppen. Gjekk så rett sørover forbi Seksvatnet og ryggen opp til 1001.

Det er verdt å merke seg at det er bora tunnel frå Sjuvatnet til Femvatnet. Det er problemfritt å gå Sjuarhylla og Seksarhylla, men frå Femmarhylla og nedover er det stor elv. Denne kan kryssast på ei bru som er merka på kartet. Har lagt inn denne som PBE med foto. Brua er svært solid og god. Den er nok bygd at mareriale som er innsausa med allverdens stoff før miljøfokuset tok heilt av. Hyllene er fine å gå nord-sør, men skal du opp ei etasje blir det mykje verre. Mellom Femmarhylla og Seksarhylla var det for nokre år sidan ein metallstige. Kor tilstanden er på denne no veit eg ikkje.

Etter mat og kleskift på 1001-toppen gjekk eg nordover, ned 2 avsatsar, slik at eg kom til denne brua. Kryssa den og gjekk over 703-toppen. Nok ein avsats ned og nordover til dei 3 små tjønna aust for Løkavatnet. Dagen var enno ung så eg bestemde meg for å plukke med ein vanvittig nissetopp aust for Hjelmevatnet. For å komme dit gjekk eg på nordsida av Løkavatnet i det som kan beskrivast som bukkemark av svært høg kvalitet. Steinete, buskas og elende. No likar eg eigentlig slikt terreng, så får berre takke for at slike godbitar som dette framleis eksisterer. Matøkt her medan eg studerte dette utrulege landskapet. Dette må opplevast! Så var det berre den lange etappen tilbake til Førdsdalen. Kjempa meg gjennom buskas og prøvde halde enkelte dyretrakk. Hjortelukta var så stram at eg fekk svidd av nasehåra. Gjekk nord for Fessevatnet og inn på den raudmerka ruta igjen. Fin tur i svært spesielt terreng!

boven_20151007_56156548f18ef.jpg
boven_20151007_5615652ccd7ef.jpg
boven_20151007_5615655b4b081.jpg
boven_20151007_561564de9c8e2.jpg
boven_20151007_561564c725255.jpg

User comments

1-10 of 11
  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by Sunset 10.10.2015 09:53

    Har vært litt i dette nærområdet, og Førdsdalen står høgt på lista som utgangspunkt for enda fleire turar i Bremanger.

  • -
    avatar

    Stilig landskap!

    Written by Nils 09.10.2015 17:56

    Du verden så stilig og snodig fjellandskap! Å gå vest-øst (eller motsatt) her må være svært så kronglete. Artig å se for en som er vant til østlandsfjell.

    Litt av et skar mellom Saga og Maritind også! Og grattis med ny kommune i lomma! :-)

  • -
    avatar

    Tøffing du..

    Written by otto 09.10.2015 12:16

    Hiver meg på her Ove, den ene kommunen etter den andre!!

  • -
    avatar

    Gratulerer, Ove :)

    Written by JoSo 09.10.2015 11:37

    Artig å følge deg og lese rapporter, samt leve seg inn i turene til en så dedikert og ivrig fjell- og friluftsmann som du er!

  • -
    avatar

    Grattis

    Written by elbow 08.10.2015 19:18

    Det var fem fjell med relativt stusselige navn du hadde plukket deg ut for denne turen. For øvrig synd denne Einevarden ikke er 13 meter høyere. Hadde vært interessant å se strømmen av øytoppsamlere prøve seg på denne :-)

  • -
    avatar

    For et landskap!

    Written by waaktaar 08.10.2015 19:13

    Ser jo nesten ut som om det har vært arkitekter på fære...

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by kobbenes 08.10.2015 15:34

    Veldig stilig område ja!

    Denne Einevarden må det vel gå an å karre seg opp?

    • -
      avatar

      Einevarden

      Written by boven 09.10.2015 09:10

      Angåande denne så har eg ein kar på Kvalheim som har sagt seg meir enn villeg å skysse tindebestigarar ut med båt. Men klart at det må være stille på havet.

      • +
        avatar

        Sv: Einevarden

        Written by kobbenes 10.10.2015 19:12
  • -
    avatar

    Fine bilder av flott natur!

    Written by Eikås 07.10.2015 21:51

    Grattis Ove! Med endå ei liste frå dei finaste områda ;):)

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by Irva 07.10.2015 21:51

    Gratulerer Ove:)

  • -
    avatar

    Grattis Ove!

    Written by arntfla 07.10.2015 21:28

    Du er helt rå ;) Og for et vakkert landskap det er der nede!

1-10 of 11
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.