Oppdal/Sunndal: Svartdalskollen, Graslitinden, Grynningshøer (23.03.2016)
Start point | Storli parkering (620m) |
---|---|
Endpoint | Storli parkering (620m) |
Characteristic | Backcountry skiing |
Duration | 6h 30min |
Distance | 31.4km |
Vertical meters | 1,770m |
Map |
Ascents | Fremre Grynningshøa (1,482m) | 23.03.2016 |
---|---|---|
Graslitinden (1,522m) | 23.03.2016 | |
Indre Grynningshøa (1,470m) | 23.03.2016 | |
Svartdalskollen (1,615m) | 23.03.2016 |
Møre & Romsdal pf 100, status 912/1154.
Endeleg var det ein dag med sol og gode meldingar. Iflg værprofeten Otto lenger nede i Bjørndalsveien, påskens einaste fine dag. Det var ein del folk på parkeringa ved Storli, for det meste randofolk som deltok i verdensmeisterskapen i overkill-utstyr for flate turar. Vi trakka over marka med lette fjellski og kortfeller, og fulgte den stikka løypa oppover mot Grugguskaret. Ingen spor før oss, men det skulle endre seg til vi kom tilbake. Godt oppe i sida kom ein scooter nedover. Det letta sjølvsagt turen opp ein del når vi kunne gå i det sporet. Gjekk opp nord for topp 1419 og runda så denne på vestsida og vidare til første topp. Johan la opp ruta, det vart Svartdalskollen-Graslitinden-Fremre Grynningshøa og Indre Grynningshøa. Lette skyer kom og gjekk, etterkvart vart det veldig fint. På Fremre Grynningshøa var det bok, siste besøk i mai i fjor. Vi såg berre eit skispor før Nonshøa, ein einsleg randoperson som prøvde seg ned mot Gaupskaret frå nord, men snudde. Einaste punktet vi vurderte på turen var opp frå Gaupskaret mot Indre Grynningshøa. I denne bratte kneika kan det være rasfare. No var det blese til med skavlar og delvis knallhardt. Vi la ruta frå Gaupskaret heilt mot vest i skaret og opp ryggen nordaustover. Her var det av med skia eit stykke, lett og fint å gå på avblesne rabbar. Frå Indre Grynningshøa var Johan motivert for eit kjappt besøk til Nonshøa, 200 nye lette høgdemeter. Eg takka nei. Hadde fått dei 4 toppane i M&R som eg var ute etter på denne turen. I tillegg kjende eg på gnagsåret på hælen for 3. dagen på rad. Vi såg no reine folkevandringa mot Nonshøa og nedover frå Grugguskaret var det mykje skispor. Flott snø gjorde det til ein telemarkleik nedover sjølv med lave skinnsko og Fisherskia. Slappa av bak i bilen til Johan og etter ei lita stund kom han ruslande, tilsynelatande heilt uberørt av denne runden.
User comments