Nesset: Skopen, Vasstinden og Dølmørhaugen (22.06.2016)


Start point Langadalen (250m)
Endpoint Langadalen (250m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 17min
Distance 12.6km
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Dølmørhaugen (1,111m) 22.06.2016
Nebbesilda (893m) 22.06.2016
Skopen (835m) 22.06.2016
Vasstinden (820m) 22.06.2016

Dagens 1. tur. Kjøyrde bomveg inn Langadalen, kr 50. Parkerte på venstre sida av vegen der det er merka til Liasetra og Anderskardet. Veldig fin og god sti opp til setra. Der gjekk eg meg på eit par ved ei lita hytte som hadde målingsarbeid føre seg. Gubben i forholdet spurde om eg var frå Sunnfjord. Slett ikkje værst tippa det, det viste seg at han var frå Gaular. Fekk eit par tips om rute til Skopen. Gjekk rett oppover og litt vestover for å unngå skogen. Frå Skopen vidare nordover til Vasstinden. Satte igjen sekken i skardet. Frå skardet bratt rett ned mot Sandnesvatnet og så vest over Nebbesilda til Dølmørhaugen. Sprang på snøen ned Langbotn og tilbake til setra. Her møtte eg far til dama som holdt på å måle. Han fortalde meg mykje, blant anna om brua over elva lenger oppe i dalen ved Ølmerket. Då var neste tur i boks. Kveldstur til Ljøsåtind og Blåfjellet.

boven_20160622_576aef2b27051.jpg
boven_20160622_576aef318300c.jpg
boven_20160622_576aef3790737.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.