Vestnes: Helsetnakken (22.07.2016)
Start point | Skjeggstad (75m) |
---|---|
Endpoint | Skjeggstad (75m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 2h 40min |
Distance | 6.4km |
Vertical meters | 600m |
Map |
Ascents | Helsetnakken (674m) | 22.07.2016 |
---|
Vi vakna på camping i Måndalen (Måna camping) til skodde og grått. Av og til er det faktisk greitt å legge seg inn på camping, dusj og straumtilkobling på bilen er gull. I tillegg får ein sjå folk i alle aldrar og fasongar. Ein gut på ca 5 år som sikkert kjeda seg voldsomt og var ute etter leikekompisar prøvde seg med ein liten brytekamp med Kjetil med det samme vi kom ut av bildøra. "Hva vil dere her", "Hvorfor tar du med nøkkelen til bilen" osv osv.
Guten Morgen! Vi fekk brukt skule-tysken vår på herretoalettet. Etter frokost endra vi planane frå spenstige Middagstinden til meir moderate Helsetnakken. Kjøyrde til Skjeggstad der det stod eit Stikk Ut-skilt. Var såpass opplest at eg viste denne enda på Helsetnakken. Men første del av ruta var enormt kronglete. Gjennom beiteområder og høymoler, rundt utløer og steinmurar, over fleire grindar som ikkje kunne åpnast og forbi ei einslig kvige som stod attmed ei velta jaktbu. Tilslutt stod vi ved eit skilt som viste Helsetnakken, vei til Olasetra og så enkelt på god sti derifrå. Kosa oss litt med frukt og vatn på toppen. Lite å sjå, men det får så være, siste dagane hadde vore svære såleis så dette kunne vi leve med.
User comments