Rauma: Olaskartinden (30.07.2016)


Startpunkt Parkering Vengedalen (740m)
Endpunkt Parkering Vengedalen (740m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 28min
Entfernung 5,5km
Höhenmeter 845m
GPS
Besteigungen Olaskartinden (1.536m) 30.07.2016
Besuche anderer PBE Hornvatnet steinhytte (760m) 30.07.2016

Etter å ha trilla med Vinjar tur/retur Isfjorden-Åndalsnes var eg heilt kaputt. Noko meir einsformig enn å gå på asfalt finst vel ikkje! Då Lise kom frå si runde hinta eg fint til Jan Petter om ein liten trimtur utpå kveldinga. Han var sjølvsagt ikkje tung å be. Veret såg brukbart ut, og vi kom oss avgarde ca kvart over seks. Oppover den spennande nordryggen tettna det til med skodde, og så kom regnet. Det bøtta ned medan vi klyvra opp siste hammaren og langa ut mot toppen. Her stoppa vi faktisk ikkje! Starta umiddelbart på nedfarten. Først den vanlege ruta, så etter Jan Petter si eiga rute. Etter eit par hundre høgdemeter fann vi ei flott steinhelle som vi søkte ly under. Sjølvsagt letta det opp, og når vi kom ned til Olaskarsvatnet var det kjempefint igjen. Snakk om uflaks, men slik er det berre i denne utendørssporten. På vei ned mot Venjesdalen høyrde vi roping frå Romsdalshornet. Standplass! Standplaaaass! STANDPLAAAAAASS! Kommunikasjonsvanskar i veggen. Det var ikkje berre vi som vart våte denne kvelden iallefall.

boven_20160802_57a0e4808e9c1.jpg
boven_20160802_57a0e47a01a80.jpg

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.