Sunndal/Nesset: Krøshøa (06.08.2016)
Startsted | Langbekken (880moh) |
---|---|
Sluttsted | Langbekken (880moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 3t 30min |
Distanse | 9,4km |
Høydemeter | 550m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Krøshøa (1349moh) | 06.08.2016 |
---|





Det hadde regna enormt om natta og på formiddagen. Stakk innom Aursjøhytta og kjøpte oss kake og kaffi medan vi grubla på kva vi skulle ta oss til med. Her var det eit internasjonalt miljø, jentene snakka engelsk med amerikansk vri. Worldwide backpacking og silikonpuppar stod på saklista.
Vi kjøyrde austover, til der stien til Grøvudalen og Raubergshytta kryssar veien. Skulle gjerne tatt med Bjørnhovda på denne turen men det var heilt uaktuellt i dette veret. Den skal med i eit anna prosjekt frå Geitavollen. Då vart det ein enkel og grei tur til Krøshøa. Vått og fuktig i terrenget, skodde ca halve turen, men regnet slapp vi heldigvis. Lise gjekk først og staka ut kursen med GPS. Kom først til eit par vardar som ikkje var høgste punkt. Gjekk vidare til hovudvarden. Litt usikker på om dette er høgste punkt. Litt lenger aust er det ein nabb som kan virke høgare. Godteri og litt mat på toppen før vi returnerte same vei. Til slutt fekk Vinjar gå litt sjølv og kaste stein i elvane.
Kommentarer