Parkerte ved tunnellinnslaget i Skjerdinsgdalen. Det var veldig disig og grått og motivasjonen var ikkje heilt topp når vi labba innover. Dette er ein kjempetur som eg absolutt ville ha godt ver på. Og det fekk vi!. Innover dalen klarna det opp og vi måtte til med lettelse i antrekket. Motivasjonen og humøret steig til uante grenser. Gjekk mot søre Skjerdingdalsvatnet og vidare opp mot skaret nord for topp 1611. Her litt knot opp over punkt 1569. Vidare lett til Holedalsfjellet 1705. Returnerte til skaret igjen og opp til 1611-toppen. Ville og ha med 2 mindre toppar aust for Nautbreen. Den eine var faktisk veldig luftig og bortimot turens høgdepunkt. La oss på magen fram på kanten og kasta nokre steinar nedover. Frå siste topp nær Nautbreen kjøyrde vi i gode forhold ned til Skjerdingdalsbotnen og glei ut den lange dalen. Yess, det vart ein kjempetur! Turfølgje var Roy Johnny Meek frå Folkestad. Ein triveleg kar som eg har gått altfor lite turar saman med.
Kommentarer