Dette er ein klassiker, kjempetur over fleire toppar. Den krev organisering av transport tilbake til start. Vi kom oss avgarde frå Loen ca 0915 og gjekk skogsveien mot Losætra. På eit meir eller mindre tilfeldig punkt tok vi sats og braut oss oppover skauen med skia på sekken. Vi hadde lite info, det er godt muleg vi skulle gått skogsveiane opp frå Lovatnet, men dette såg lenger ut og meir tidkrevande. No vart det ein del skautrakking før vi kom opp i snøen. Vi hadde ikkje med stegjerna og sleit litt opp bratte knallharde parti. Til slutt flata det ut og vi fekk sol og varme. Lett over Avleinsfjellet og Skavteigfjellet. Her møtte synet av "Den kinesiske mur" oss. Denne er heilt grei å gå, men vi holdt skia på sekken her. Oppe på ryggen hadde vi ein telefonsamtale med Gustav og fruen som sat på Skarsteinsfjellet på andre sida av dalen. Sjølv om Gustav var på ein 1500-metring var dette tungt for han. Klart denne turen vi gjekk var meir potensvekkande. På Torvfjellet/Meleinsnibba såg vi så vidt trigpkt, godt brukande til å skrape klabbane av skia. Fint å gå vidare til Ramnefjellsbreen. Herifrå var det eit visst spenningsmoment. Sida sørover. Det løyste seg fint. Tok av skia eit lite stykke, ellers glei vi ned i skaret mot Strandanibba. Knappe 300 høgdemeter herifrå opp til dagens siste pf 100, Strandanibba. Glei vidare vest for vatnet til ein liten kolle ved Gjerdanibba. Så runda vi rundt og ned langs elvane så langt vi hadde snø. Torleiv ringde etter taxi frå Gjerde til Loen. Ein kjempetur som vi brukte rundt 11 timar på.
User comments