Bremanger: Høgefjellet og Bukkenibba (25.07.2008)
Ascents | Bukkenibba (1,520m) | 25.07.2008 |
---|---|---|
Nord for Bukkenibba (1,412m) | 25.07.2008 | |
Sør for Bukkenibba (1,503m) | 25.07.2008 | |
Høgefjellet (1,411m) | 25.07.2008 | |
Middagsnakken (1,291m) | 25.07.2008 |
Vi hadde nettopp komt heim frå ein mnd på tur til Finnmark og Sarek. Godt ver gjorde oss rastlause etter eit par dagar, så vi pakka sekkane for overnattingstur i Bremanger. Målet var Bukkenibba + litt anna, samt telting og fiskerier. Det var og med mykje goodies i sekken. På overnattingsturar er dette viktig!
Dag 1. Parkerte ved kraftverket i Åskora. Gjekk stien mot det tome Litle Åskorvatnet. Vidare sørover eit stykke før vi knota oss opp nokre hyller til austsida av Store Åskorvatnet. Terrenget her er veldig spennande og uforutsigbart å gå i. Gjekk sør for det store vatnet og til utosen på Nedre Bredvatnet der vi etablerte teltleir. Kjempefint ver og berre velstand. Dagen var med dette i boks, vi fiska litt utan napp og kosa oss lenge utover kvelden.Dag 3. Formiddagen vart brukt til lang frokost og pakking før vi sette nasa heimover. Vi gjekk ei anna rute no. Tok opp høgde sør for vatnet før vi gjekk vestover nesten oppunder brekanten. Kom ut til ei ruta til Åskora og fulgte denne nedigjen. 3 fantastiske dagar i Bremanger med telt. Her er det enorme muligheter for villmarksliv utan å møte folk.
User comments