Parkerte på Hunskor etter samtale med ein kar. Spente på oss skia ved bilen og labba skogsvegen oppover. Tok av mot Hunskorstøylen der vi hadde første matøkta i tilnærma påskestemning. Plukka føst Blånibba før vi fulgte høgda innover mot Frøyseteggene og opp til Dunheia frå nordvest. På toppen stod ein ikkje reint liten reinsflokk og stura. Det var tydelege spor etter dei alle plassar på ryggen, der dei hadde grave etter mat. Gjekk ein liten bue rundt dei for ikkje å forstyrre. Dei stod pinn i ro og ensa oss knappt. Det var kaldt på toppen, og eit veldig flott februarlys. Retur la vi rett ned mot Fagredalen i fint føre. Vi var oppom Njuken 865 men denne har eg ikkje gidda registret enno. Vidare rett ned til Hunskorstøylen og fulgte spora våre tilbake til bilen. Torleiv var turfølgje.
User comments