Gloppen/Jølster: Daurmål (18.02.2011)


Start point Frøystad (370m)
Endpoint Frøystad (370m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Daurmål (1,448m) 18.02.2011
Daurmål aust for (1,318m) 18.02.2011
Flategga (1,405m) 18.02.2011
Klømningane (970m) 18.02.2011

Skitur med vekslande føre frå Frøystad. Kjøyrde til vegs ende, og fekk parkere etter samtale med grunneigar på tilvist plass. Her skal det gjerne snuast med buss og anna store kjøyrety så ikkje blokkere snuplassen. Folkehøgskulen frå Vereide hadde vore her dagen før, vi fulgte spora deira oppover. Ei veldige kryssing nesten utan høgdegevinst vart for mykje for Lise som braut av rett oppover lia og trakka sitt eige spor. Gjekk til Klømningane som eg mangla i Gloppen 50m. Vidare fulgte vi ryggen mot 1318-toppen og 1405, Flategga. Legendariske sastrugiforhold gav ingen store håp for nedfarten. På Dauremål hadde vi ein kald matpause. Sola varma men det var noko lavt skydekke innimellom. Vi kunne no følgje spora frå folkehøgskulefolka nedover. Dei hadde sett igjen skia siste biten og gått oppover til fots. Vi trakka nedover med skia på sekken til det vart greitt å spenne dei på. Eit heilt spesielt lys med lave skyer og sol. Fekk satt nokre fine svingar nedover, men og mykje dårleg føre. Frå skoggrensa og nedover var det fine forhold.

boven_img_0578_2.jpg
boven_img_0609.jpg
boven_img_0611_2.jpg

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.