Det er muleg å gå sommarruta til Snønipa frå Myklebustdalen som vårskitur. Turen byr på fin nedkjøyring. På denne turen var Gustav turfølgje, ein svært bra mann som eg har hatt mykje god turglede saman med. Vi møttest på fergekaia på Lote og kjøyrde til Breim og Myklebustdalen i godt ver. Parkerte på parkeringsplassen godt inne i dalen og gjekk eit stykke på vei før vi tok bratt oppover i bjørkeskog. Etterkvart kom vi opp i snøen. Den var knallhard tidleg på formiddagen, heldigvis hadde vi med stegjerna som vi brukte eit godt stykke oppover. Tok på oss skia når det slakna litt i terrenget. Vi gjekk opp den vesle bretunga sør for vatnet på ca 1520 moh. Gjekk nord til toppen Sør for Dauremålet. Her er det fantastisk utsikt mot Myklebustdalen. Såg og ned på Dauremålet 1456 som vi har besøkt til fots i ettertid. Denne er sjeldan besøkt. Oppe på breen var det lett vidare til Snønipa. Dessverre kom det eit lavt skydekke når vi var på toppen, så besøket her vart kort. Glei vestover for å plukke Veslenibba. Vidare glei vi nordover igjen og inn på ruta vi kom opp. Sola hadde no varma eit perfekt sløshlag som gjorde nedkjøyringa til ein draum. Ein kjempetur i bratt terreng med telemarkski, og med svært godt turfølgje. Kan det bli bedre?
Benutzerkommentare