Kom frå overnatting i bilen ved Herdalssætra. Dagen før var vi på Torvløysa og Kupenibba. Kryssa elva på bru ved utosen til Herdalsvatnet. Fulgte god sti oppover før vi gjekk mot Kallskaregga. Vidare over Vassdalshornet til Tolleknivsegga. Ikkje noko vanskeleg her. Droppa Kyrkjefjellet lenger nordvest. Det angrar eg på i dag, så den må eg ta rett opp frå Norddal. Har snakka med lokalkjende som har ei spennande rute opp til Kyrkjefjellet. Returen la vi mellom Øvre og Nedre Vassdalsvatnet og opp mot pkt 1167. På vei nedover ryggen kom vi over tidenes mest nyskjerrige røyskatt. Den holdt eit sirkus utan like rundt oss i ca eit kvarter. Fyrte laust med kamera i hytt og ver. Steik det er vanskeleg å fange ein slik krabat på bilde! Heldigvis vart det nokre blinkskot. Fin tur, til forholdsvis lite besøkte toppar. Lise var som vanleg turfølgje.
User comments