Eid: Bjørnaholmen, pf 50 m komplett (21.05.2012)
Ascents | Bjørnaholmen (124m) | 21.05.2012 |
---|
Mbakkjen, Kjetil på Hornindalsvatnet. Abelholmen bak
Bjørnaholmen 124 moh. For dei fleste ein ubetydeleg holme som ein kanskje kastar blikket på om ein kjøyrer mellom Stryn og Nordfjordeid. Alternativa er å symje dei 15-20 meterane over frå veien eller ordne overfart på anna måte. Vi kosta støvet av kajakkane og møttest etter jobb til ein padletur på Hornindalsvatnet. Frå Kjøs bru kjøyrde vi ca 1,5 km til Hamnen, ein odde som stikk ut i vatnet. Her var det godt å parkere og få sjøsett farkostane våre. Vi er ikkje erfarne padlarar men eit blikkstille vatn gjorde susen og etter kvart vart det fart på båtane. Vi gjekk i land på vestsida av holmen og det var berre å rusle til toppen. Etter denne enomre bestigningen tok vi ein padletur under Kjøs bru og inn Kjøsapolljen. Ca 2 timars prosjekt i eit fantastisk maiver. Stigning 71 m ☺
Kjetil ved toppfurua på Bjørnaholmen 124
User comments