Stryn/Luster: Toppar rundt Sygneskarsbreen (28.05.2012)  6


Startsted Parkering Sunndalen (300moh)
Sluttsted Parkering Sunndalen (300moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 56t 00min
Distanse 60,0km
Høydemeter 3000m
Kart
Bestigninger Rundeggi (1708moh) 26.05.2012
Sygneskarsfjellet (1692moh) 26.05.2012
Sikilbreen (1749moh) 27.05.2012
Svartefjellet (1809moh) 27.05.2012
Sætrefjellet (1892moh) 27.05.2012
Øst for Sætrefjellet (1810moh) 27.05.2012
Sætrehyrna (1610moh) 28.05.2012
Andre besøkte PBE'er Kamperhamrane (1300moh) 28.05.2012
Sunndalen bomveg (80moh) 28.05.2012
Sunndalen parkeringsplass (280moh) 28.05.2012
Sunndalssætra (460moh) 28.05.2012
boven_img_8576.jpg

3 dagers prosjekt i Stryn kommune. Langhelg og gode meldingar. Åpningshelg for Sommarski, og eit alternativ var å gå over Tystigbreen til Kamperhamrane. Tanken på parkeringskaos og folkekaos gav oss frysningar langt nedetter ryggen så ein stille fredeleg Sunndal lokka betydeleg meir. Dalen er i seg sjølv verdt eit besøk.
Dag 1. Avgang Sunndalen 0900. For å komme hit kjøyrde vi inn til høgre etter å ha passert Folven. Ca 5 km, bomveg. Etter å ha passert Sunndalssætra kom vi etterkvart opp i snøen og kunne spenne på oss ski på ca 700m. Opp Kamperhamrane mot Merradalsbotn. Tok så første rygg opp rett sør for vatn 1172. Første topp Sygneskarsfjellet 1692. Vidare sørover og vi etablerte leir vest for punkt 1670. Tok ein ettermiddagstur til Rundeggi i Luster kommune.

boven_img_8567.jpg

Dag 2. Tur til 2 1800-metringar i Stryn. Svartefjellet 1809 og Sætrefjellet 1892. Eit legendarisk sugeføre gjorde at vi gjekk heile dagen uten feller. Tilbake ved teltet tok vi avgjerda om å pakke saman og returnere til Merradalsbotn. Meldingane for kvelden var tilskyande og mykje vind, og det stemde. På veien var vi bortom Sikilbreen 1749, ein viktig topp i Stryn 50m-lista. Vi fekk opp teltet i Merradalsbotn i enorm vind og etterkvart nedbør. Godt å komme i påsan etter middag og jaggu hadde Lise ein vinskvett i sekken!

boven_img_8553.jpg

Dag 3. Vakna til grått ver men stille og ikkje nedbør. Planen var å gå til Sætrehyrna 1610. Fekk denne i heilt ok ver men mykje kaldare denne dagen. Nedkjøyring med stor sekk med knall og fall. Heldigvis smale telemarkski med ok sko. Flott avslutning på denne turen å gå ut Sunndalen. Her ligg det mykje historie og dramatikk. På sætra møtte vi eit svensk par som eigentleg var på sommarski men hadde tatt denne fotturen inn dalen. Hadde ein lang prat med dei.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av repelo 22.09.2012 22:13

    Har gledet meg til vinteren lenge jeg nå. Lodalskåpa bør bli et mål ser jeg. Flott bilde!

  • -
    avatar

    Stryn

    Skrevet av 500fjell 21.09.2012 23:48

    Herlige bilder som dukket opp i en tilfeldig rapport. Begynner å glede meg til snø og vinter faktisk nå:)

    • -
      avatar

      Sv: Stryn

      Skrevet av boven 23.09.2012 20:33

      Det var ein herleg tur og, håpar på fleire slike til våren. Har trakka i første snøen siste dagane, faktisk har det snøa ned til 7-800 meter enkelte stader her rundtom. Hausten har vært ubegripeleg våt til no. Håpar enno på fleire skikkelege fotturhelgar i nydeleg haustver. Men klart vårskiturane er det flottaste vi veit.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.