Norddal: Aktivitetsveke, dag 7 (25.07.2013)
Start point | Alnesreset (870m) |
---|---|
Endpoint | Alnesreset (870m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 5h 00min |
Distance | 10.6km |
Vertical meters | 1,170m |
Map |
Ascents | Alnestinden (1,665m) | 25.07.2013 |
---|---|---|
Finnan (1,786m) | 25.07.2013 |
Dag 7. Etter denne veka er Norddal kommune mi favorittkommune når det kjem til fjell og tur på Sunnmøre. Her er det enorme områder og høge toppar. I dei fleste dalane er det gode merka stiar som ein kan nytte til anmarsj, men kjem ein opp i høgda møter ein svært lite folk. Riktignok med unntak av nokre få kred-toppar. Javisst er Alnestind ein skitopp, men etter besøkstala i protokollen er det klart at folkesky turgåarar og særpeisar (som oss) ikkje har noko der å gjere i værste skisesongen.
Vi parkerte på Alnesreset og gjekk nordover eit lite stykke før vi runda vestover og opp ein rygg som enda sør for skaret. Først til Alnestind og studerte turboka. Lang matøkt her. Vidare til Finnan. Fantastisk utsikt i alle retningar til storslagen natur og fjellheim. Retur same vei, men tok lenger sør innunder Alnestind og nytta dei lange snøfelta nedover. Siste dag på denne turneen, vi kjøyrde heim metta på fjell og opplevingar.
User comments