Norddal/Rauma: Veslelangdalen rundt (30.07.2013)
Startpunkt | Øvstestølen (530m) |
---|---|
Endpunkt | Øvstestølen (530m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 10h 55min |
Entfernung | 34,0km |
Höhenmeter | 3.300m |
Karte |
Besteigungen | Bjorstadfjellet (1.468m) | 30.07.2013 |
---|---|---|
Bjorstadfjellet Ø1 (1.462m) | 30.07.2013 | |
Bjorstadfjellet Ø2 (1.417m) | 30.07.2013 | |
Bjorstadfjellet Ø3 (1.419m) | 30.07.2013 | |
Breifjellet (1.601m) | 30.07.2013 | |
Breifjellet Vest (1.572m) | 30.07.2013 | |
Nordvest for Breifjellet (1.278m) | 30.07.2013 | |
Hånådalstinden Nord (1.665m) | 30.07.2013 | |
Knutskoppegga (1.595m) | 30.07.2013 | |
Storfjellet (1.711m) | 30.07.2013 | |
Storfjellet NV1 (1.595m) | 30.07.2013 | |
Storfjellet NV2 (1.570m) | 30.07.2013 | |
Storfjellet Vest (1.651m) | 30.07.2013 |
Turen blir til medan man går er det sagt. Planen var dei 2 toppane på Breifjellet og muligens plukke Knutskoppegga dersom veret heldt seg bra. Hadde fått vermelding med campingplassdama på Valldal Camping. Hadde med 2 bananer, eit eple, ein pose peanøtter og dagens brødskiver + gårsdagens brødskiver + dagen før det igjen brødskiver som ikkje var oppetne. Vossafårpølsene med ramslauk og kvitosten var ganske så svett, trudde vel ikkje dei skulle gå ned iløpet av dagen.
Starta 0930 frå Øvstestølen. Fulgte merka sti mot Veslelangdalen og Osten. Nå fekk eg aldri sjå denne Osten sidan eg enda med å gå rundt heile greia. Og Veslelangdalen...misvisande som berre pokker. Kunne like gjerne vært Kortelangdalen, men eg enda med å kalle den Kjempelangdalen. Sånt kan ein spinne på når ein går åleine og tullar.
Trakka til ganske bra innover og merka at beina var lette og fine. Måtte av med skotøy og vade elva på ca 730 moh der elva har to løp. Bratt opp lia til topp 1278 som vart finmålt for å sjekke om den skulle inn i 50-m lista for Sunnmøre. Pf 52-53 meter på denne målt med GPS. På Breifjellet 1601 føltest det som dagen var nettopp starta og Knutskoppegga gjekk i ein fei. Begynnte å forbanne meg sjølv for defensiv turplanlegging. Oppteljing av brødskiver og kartstudier etter at ein ide hadde fått feste i tankane mine. OK beslutningen var tatt, osa vidare og kryssa nord for Bjørnebottvatnet, vidar nordover og fulgte kanten nord for Storbreen til skaret 1455. Satte igjen sekk her og klyvra bratt opp til topp 1665. Tilbake i skaret før det var gått 6 timar, følte no eg hadde bra kontroll og tid. Over Storfjellet 1711 fekk eg litt regn, men det letta kjappt. Seinare på dag var det heilt svart aust for meg, og i Romsdalen rulla tordenbygene så det skralla i fjella. Frå topp 1570 gjekk eg bratt ned mot vatn 1163. Trudde ei stund eg hadde gått meg fast i hyllesystemet der men fann ei rute ned. Var no komen ned i brødskivene frå dagen før i går, og dei måtte skylljast ned med vatn. Over austtoppane på Bjorstadfjellet hadde eg forventa ein lettgått rygg men her var det mykje krongling, opp og ned på kryss og tverrs. Endeleg framme på Bjorstadfjellet 1468 var det tid til å drikke litt vatn og tygge noke av dei siste bedrøvelige skivene i matboksen. Frå Trollstigen og nordover såg det ut til å være eit forferdeleg ver, berre å kome seg heimover. Gjekk bratt nedover rett mot Veslelangdalen (Kjempelangdalen) og kom inn på stien ca 800 moh. Etter knappe 11 timar var eg framme ved bilen etter det som skulle være ein relativt kort og grei tur. Hamburgermeny i Valldalen før eg kjøyrde heimover. På Stranda åpna himmelen seg fullstendig. Hårre steik, i dag var eg heldig med veret.
Benutzerkommentare
Det Löser Sig
Geschrieben von boven 01.08.2013 21:44Norddal kommune virkar uoppnåelig med 150 toppar over 1000 meter (PF 50), til dels lange avstandar og eit stykke heimafrå. Men det ordnar seg ser det ut som, berre ein kjem i gang. Mange lange rundturar der toppane ligg på rekke og rad.
Puh
Geschrieben von oddis 01.08.2013 08:57Og hårre steike for en tur :)