Vestnes: Kvitnyken (25.07.2014)


Startsted Kjersemvatnet (370moh)
Sluttsted Kjersemvatnet (370moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 30min
Distanse 9,5km
Høydemeter 950m
Kart
Bestigninger Kvitnyken (1244moh) 25.07.2014

Vi var på vei nordover mot Tingvoll. Vaksvikfjellet var første stopp. Her plukka eg Blåfjellet 741 onsdag kveld. Torsdag var det tur til Kvitnyken i nydeleg ver. Kvitnykja er det lokale namnet som og står på skilt mm.

Vakna i bilen ein gong i løpet av natta av diverse hestelydar. Når vi vakna om morgonen kunne vi sjå hestar bortimot alle plassar, tilhøyrande Stall Kjersem. Vi pakka opp for ein skikkeleg tur, dvs med dunpose, bleieskift og mat til Vinjar. Gjekk gjennom Kjersemsætra og fann merka sti til Kvitnykja. Godt å gå oppover stien som går mot Sørvatnet. Stien til Kvitnykja tar av ca 720 moh. Her sat det 2 stk som vi kom i prat med. Det viste seg å være eigar av Stall Kjersem. Han skulle hente hestar til eit lenger prosjekt mot Hjerkinn. Har lest om Stein P. Åsheim sine prosjekt og drista meg til å nemne dette. Viste seg at denne turen til Hjerkinn var 20-årsjubileum for Kaffetur 94 som kan studerast i linken under.

http://www.stall-kjersem.no/turer/kaffetur94/kaffetur94.htm

Vi takka for praten og ønskte god tur! Gjekk vidare oppover sørvestryggen til Kvitnykja 1244. I ytre strøk låg skodda tjukk, godt vi var så høgt og langt inne i landet. Var usikre på høgste punktet så vi gjekk heilt fram til nordtoppen, som nok er lavare. Lang pause, med mat og kos på toppen før vi trilla ned til bilen igjen og kjøyrde til Skorgedalen i Rauma kommune.

boven_img_0189.jpg
boven_img_0181.jpg

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.