Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Norddal/Rauma: Veslelangdalen rundt
- Date:
- 30.07.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 10:55h
- Distance:
- 34.0km
Turen blir til medan man går er det sagt. Planen var dei 2 toppane på Breifjellet og muligens plukke Knutskoppegga dersom veret heldt seg bra. Hadde fått vermelding med campingplassdama på Valldal Camping. Hadde med 2 bananer, eit eple, ein pose peanøtter og dagens brødskiver + gårsdagens brødskiver + dagen før det igjen brødskiver som ikkje var oppetne. Vossafårpølsene med ramslauk og kvitosten var ganske så svett, trudde vel ikkje dei skulle gå ned iløpet av dagen. Starta 0930 frå Øvstestølen. Fulgte merka sti mot Veslelangdalen og Osten. Nå fekk eg aldri sjå denne Osten sidan eg enda med å gå rundt heile greia. Og Veslelangdalen...misvisande som berre pokker. Kunne like gjerne vært Kortelangdalen, men eg enda med å kalle den Kjempelangdalen. Sånt kan ein spinne på >>>
Norddal: Breinausa og Heimste Høghornet + eit par til
- Date:
- 29.07.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:34h
- Distance:
- 22.4km
Vi kom frå kanonveke i Norddal torsdag 25. juli. Etter ein dag heime i tunet og sparke småstein og ein dag med småturar på Seljavarden og Skjolden var kroppen rastlaus som f... Kroksleiven var opptatt med sitt og Lise starta på jobb igjen. Pakka bilen og drog på soloturne til.... Norddal så klart. På veien plukka eg 4 enkle i Stranda 50m-lista, status 139/143. Enda opp på den mykje omtala Valldal Camping, her er vi kjende no og det er eit greitt utgangspunkt for turar i fleire retningar. Det var kome folk i fleire campingvogner og eg grubla på kor dei slår ihjel dagane. Ein kar hadde noko snikkararbeid på plattingen sin. Dagen etter dreiv han og måla litt, ellers sat han på ein stol der. Såg ut som han funderte over eksistensielle spørsmål medan kona sat inne og såg på dårlege >>>
Selje: Skjolden, pf 100 komplett
- Date:
- 27.07.2013
- Characteristic:
- Kayaking
- Duration:
- 4:10h
- Distance:
- 15.0km
Etter padletur til Selja først på dag var det no siste topp i Selje kommune som stod for tur. Vi parkerte ved fergekaia og sjøsette kajakkane. Klart det hadde gått å vente på ferje men kjekkt å gjere noko meir utav slike prosjekt når ein først har kajakkar liggande. Padlinga over er ca 1,6 km. God matøkt i fjæresteinane før vi rusla av garde. Etter ei stund gjekk vi forbi 2 damer som vi høyrde snakka om oss..."der er dei som kom padlande ja" Vi slo av ein liten prat. Gjekk veien til høgste punktet før vi tok av på merka sti. Den var delvis utydeleg og vi mista den ei stund. Tok igjen ein anna kar som var i same ærend. Stille og flott på toppen. Eg ville ha med 2 50-metringar som ligg på øya i tillegg, og Lise vart med sjølv om ho ikkje er gira på desse. Gjekk >>>
Norddal: Aktivitetsveke, dag 7
- Date:
- 25.07.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 10.6km
Dag 7. Etter denne veka er Norddal kommune mi favorittkommune når det kjem til fjell og tur på Sunnmøre. Her er det enorme områder og høge toppar. I dei fleste dalane er det gode merka stiar som ein kan nytte til anmarsj, men kjem ein opp i høgda møter ein svært lite folk. Riktignok med unntak av nokre få kred-toppar. Javisst er Alnestind ein skitopp, men etter besøkstala i protokollen er det klart at folkesky turgåarar og særpeisar (som oss) ikkje har noko der å gjere i værste skisesongen. Vi parkerte på Alnesreset og gjekk nordover eit lite stykke før vi runda vestover og opp ein rygg som enda sør for skaret. Først til Alnestind og studerte turboka. Lang matøkt her. Vidare til Finnan. Fantastisk utsikt i alle retningar til storslagen natur og fjellheim. Retur same vei, men >>>
Norddal: Aktivitetsveke, dag 6
- Date:
- 24.07.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:45h
- Distance:
- 20.3km
Dag 6. Starta dagen med utmarsj Reindalseter-Zakariasdammen. Kjøyrde så til Kaldhusseter og parkerte i nordenden av det regulerte vatnet. Fulgte merka rute mot Herdalen. Denne er tydelegvis lite brukt. Rundt 1000 moh tok vi av frå stien og gjekk nord over Holeheia til Litlejordhornet. Ein enslig kjempe blant mange andre høgare fjell. På veien passerte vi Ivertjønna som ikkje er noko tjønn men eit stort vatn. Reine idyllen her. På andre sida av dalen såg vi folk som gjekk den luftige og flotte Heregga. Retur samme vei. Nede ved vatnet møtte vi Kjell Ove som hadde brukt dagen til fiskerier og andre aktivitetar, utan hell. Handling i Valldal før det vart mekka seriøs primusmiddag på Valldal Camping. Plan for dag 7 enno uklart. Beina og psyken var ganske metta av tur akkurat no.
Norddal: Aktivitetsveke, dag 5
- Date:
- 23.07.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 11:00h
- Distance:
- 24.0km
Sol på teltduken er god medisin for å kome seg tidleg på beina. Etter dei vanlege frokostrituala var vi klare for nok ein stortur, denne gang sør for Reindalseter. Det er flott rundt denne hytta, men som teltplass var nok Øvre Reindalen mykje bedre, over skoggrensa med mindre insekt og maur. Linda og Kjell Ove kom kvelden før så vi var 5 stk som la i vei. Uvanleg stort turølgje til oss å være. Gjekk på merka sti mot Danskehytta til Daurmålsvatnet. Her tok Torleiv og eg mot Sæterhornet medan dei 3 andre gjekk mot Svartegga. Avtalen var å møtest der. Rekkjefølgja på toppane vart Sæterhornet (Kroksleiven og Boven), Svartegga nord, Svartegga, Svartegga sør, Femåna, Tordsnose (Kroksleiven, Linda og Kjell Ove), Naushornet 1848 og 1895 (Lise og Boven). Rett før Svartegga møtte >>>
Norddal: Aktivitetsveke, dag 4
- Date:
- 22.07.2013
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 10:18h
- Distance:
- 27.0km
Dag 4, vakna i Øvre Reindalen til skyfri himmel. Dagens 3 toppar var eg på i 2001 på "ekspedisjonen" "Frå Billingen til Geiranger". Den gang i skodde og trasig veir, så det var på tide å gå oppigjen desse i nydeleg veir. For Lise og Torleiv var dette nye toppar. Rekkjefølgja på toppane vart 1814, Karitind, 1808, Høgstolen, Pyttegga. Kryssa elva frå teltplassen og gjekk opp mot Lågstolen, såleis laga vi ein rundtur utav dette og. Alltid kjekkare å gå runder enn opp og ned samma veien. På Karitinden møtte vi to livlege trønderdamer. Dei gjekk mest i Trollheimen, men hyttene der og den populære trekanten var så overfylte med folk at dei ville prøve noko nytt. Dette var einaste folka vi møtte i dag, men frå Høgstolen såg vi 5-6 stk på Pyttegga som >>>