Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Bremanger/Flora: Fossedalsegga og Grønegga + litt fleire

Date:
26.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.0km
Map    

Gloppen: Dyrenibba

Date:
25.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Bremanger: Røysafjellet, Ramsskredfjellet og litt til

Date:
19.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:45h
Distance:
22.0km

Møtte Kroksleiven på Stårheim fergekai 0915. Kjøyrde forbi stusselege Svelgen til Indrehus der dagens tur starta. Parkerte på ein lunneplass der det var skilta om at vegen vidare var stengd. Gjekk skogsvegen sørover mot Storeteigen. Skogsvegen slutta og vi tok bratt opp ur ved linja. Ein tunnell innover i fjellet fekk oss til å stusse, vi gjekk litt innover og såg det var lys der inne. Samtale med lokalkar seinare oppklara at her var det 600 meter med trallebane innover til vatna. Muleg vi kunne gått denne med lyktene våre men det hadde vi ikkje info om der og då. Istaden vart det fjellet innover i ein helvetes vind. Gjekk vest for Litle Teigvatnet. Etter kvart vart det å leite fram stegjerna som vi heldigvis plukka med. Isete og hardt oppover svapartia mot Ramsskredfjellet. Liten >>>

Map    

Eid: Indre Hennesvartegga

Date:
18.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Stryn: Hogden

Date:
16.01.2014
Characteristic:
Hike
Map    

Askvoll: Tour de Askvoll, dag 2

Date:
12.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
19.6km

Etter laurdagskveldens store tur var det godt å ligge i påsan til kl 0900. Klokka var vel bortimot 1130 før vi kom oss avgarde frå Nipebu. Gjekk vestover langs Langevatnet og tok av på merka rute mot Stongfjorden. Første topp Vardeheia 777. Her var det folk ein halvtime før oss, vi såg dei i himmelsjå. Vidare mot Portafjellet såg det litt bratt og knotete ut, men det løyste seg fint. Vi tok opp ei hylle til vatnet som ligg rett sør for Portafjellet, gjekk over vatnet og til topps frå nord. Vidare mot Indrevågefjellet, kom ned i skaret aust for Norddalstjerna. Sette igjen sekkane rett aust for Kvamsnipa og trakka til den langdryge beten til høgste punkt 683 på Indrevågefjellet. Det var no berre utmarsjen igjen, ca 6 km til bilen som stod parkert aust for Markavatnet. Janne >>>

Map    

Askvoll: Tour de Askvoll, dag 1

Date:
11.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:15h
Distance:
26.6km

Både den eine og den andre fall i frå denne helga, til slutt var det berre Janne og eg som kom oss avgarde. På telefonen fredagskvelden merka eg med ei viss interesse at Janne var veldig aggressiv i ordvalget. "Vi skal ut til Askvoll og ta føre oss av toppar". "Det er berre å begynne i ein ende og mate på". "Vi kan ikkje sette igjen nåke!". "Kvile kan vi gjere når vi blir gamle" osv osv osv. Siste 2 mnd passerte i rask film: Sofateneste, potetgull og vintersport på NRK. Desse damene er alltid i toppform pga allverdens trimturar i allverdens slags veir. Eg er ikkje eingong starta på sesongoppkjøyringa! Tok 7-ferga frå Lote, plukka opp Janne på Eikås og gønna på til Askvoll. Første stopp var Sjønakletten. Kjøyrde av mot Kvammen og vidare >>>

Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
09.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Flora: Vikafjellet og Teigafjellet

Date:
05.01.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:19h
Distance:
14.6km

Vi kom frå Sandane og møtte Janne på Storebru. Der parkerte ho og vi kjøyrde forbi Eikefjorden mot Sunnarvik. Lise har gått i dette området fleire gongar medan ho bodde i Florø. Eg har og vore her (medan eg hadde eit forsøk på å bo i Florø. Det gjekk ikkje så veldig bra, men det er ei anna historie) Dette er nokre år sidan, men vi fann no greitt skogsvegen på sørsida av Sunnarvika. Den går austover eit lite stykke før ein kjem inn på raudmerka sti som er lett å følgje til Vikanipa. Her er det bok. Høgste punkt ein knapp km vestover. Mykje vind på toppen. Herifrå gjekk vi sørover til vi møtte elva som går mot Floatjønna. Mykje terreng her, knausar, hamrar og ikkje berre lette vegval. Frå skaret Vassetebrekka fulgte vi ryggen oppover og vidare søraustover mot Teigafjellet. >>>

Map